Kvinna i 30-åra mista førarkortet og fekk 9.000 kroner i bot etter ein kort køyretur i Ålesund i november.

Påtalemakta har i Møre og Romsdal tingrett kravd at førarkortet blir inndrege til saka er endeleg avgjort, men ikkje lenger enn fire månader.

Kvinna har på si side kravd å få førarkortet tilbake.

Ho har forklart at frontruta ikkje var nedisa, men full av damp. Ho hadde skrapa ruta før ho starta bilen, men dampen kom då ho skrudde på varmeapparatet.

Kvinna har ikkje nådd fram med synet sitt på saka. Retten viser til at ho sjølv har forklart at sikta var dårleg og at ho berre kunne sjå litt nedst på ruta.

Vidare har kvinna forklart at ho hadde tenkt å stoppe ved første utkøyring, men kom ikkje så langt før politiet stoppa henne. Ho hadde då køyrt cirka 100 meter.

Kvinna har også forklart at ho ikkje kjende bilen så godt, sidan det var mannen sin bil. Ho visste heller ikkje at det var sommardekk på bilen, men meiner det ikkje var minusgrader og at vegbana var fin, ifølgje rettsavgjerda.