Det viser søkartala for kva linjer førsteårselevane har som førsteval for vidaregåande skulegang i Møre og Romsdal til hausten.

Dei fleste ønskjer å gå studiespesialisering. 993 elevar har denne linja som førsteval. Det er ein auke på 27 elevar samanlikna med året før, det vil seie 3 prosent.

Dei nest mest populære linjene er teknologi- og industrifag (564), helse- og oppvekstfag (465) og elektro- og datateknologi (340).

Aukar med 34 prosent

Linja som aukar mest i popularitet samanlikna med sist skuleår er derimot sal, service og reiseliv.

Det er 32 fleire som har denne linja som førsteval enn sist. Totalt 126 elevar som helst ønskjer å gå denne linja er ein auke på 34 prosent.

Nest høgast auke har IT og medieproduksjon. 78 søkarar er 16 prosent fleire enn i fjor. Elektro og datateknologi har ein auke på 14 prosent.

Størst nedgang har medier og kommunikasjon. 18 prosent færre enn i fjor ønskjer å gå denne linja, men ein skal her hugse at det er få plassar å kjempe om.

I fjor hadde 17 elevar denne linja som førsteval, i år 14.

Jentene går for studiespesialisering

Ser ein på kjønn er studiespesialisering mest populært blant jentene (601), etterfølgt av helse- og oppvekstfag (395) og idrettsfag (136).

Blant gutane er teknologi- og industrifag mest populært (447). Mange ønskjer også å gå studiespesialisering (383) og elektro og datateknologi (304).

Ålesund videregående skole er den skulen flest førsteårselevar ønskjer å gå på (555), men også Borgund (391) og Romsdal (488) har svært høge søkartal.

På søre Sunnmøre ønskjer mange seg til både Ulstein (217), Ørsta (197) og Volda (161).