Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har gjennomført varsla tilsyn med i alt sju mobiloperatørar og friskmelder berre to av desse. Telenor og NextGenTel hadde ingen avvik, medan det hos Fjordkraft, Telia, Happybytes, Iplink og Primafon er funne avvik.

Nkom understrekar at tilsynsrapporten og dens konklusjonar er førebelse og kan avvisast av mobilselskapa. Dei har likevel valt å offentleggjere informasjonen av bekymring for at det finst brukarar som i dag har tenesta «hemmelig nummer», men som ikkje får det ekstra vernet som tenesta skal gi.

– Ser alvorleg på saka

– Vi ser svært alvorleg på saka. Menneske kan ha eit sterkt behov for anonymitet, til dømes ved valdstruslar eller sjikane. Hemmeleg telefonnummer kan gi ekstra tryggleik og vern i slike tilfelle, og det er derfor svært urovekkjande at tilsynet avdekte alvorlege brot på regelverket, seier avdelingsdirektør Kamilla Sharma.

Tilsynet har avdekt brot på kravet om skjult nummervisning og vidareføring av hemmeleg nummer ved flytting av eit mobilabonnement frå eit selskap til eit anna.

Fjordkraft beklagar

– Vi meiner det er bra at Nkom har kontrollert dette og beklagar at det er funne avvik. Det er viktig å understreke at ingen telefonnummer har vore offentleg tilgjengeleg eller mogleg å søkje opp, seier kommunikasjonssjef Jon Vaag Eikeland i Fjordkraft til NTB.

Han fortel at dei vart gjorde kjende med Nkoms funn måndag.

– Vi lukkar desse avvika no og gjer testar for å sikre at alt fungerer som det skal, seier Eikeland.

– Avgjerande at folk har tillit

Det er funne avvik både hos dei mobilselskapa som gir frå seg eit mobilabonnement, og dei selskapa som tek imot nye abonnentar på tenesta hemmeleg nummer. Det er også avdekt mangelfull informasjon til kundane om innhaldet i tenesta.

– Det er avgjerande at folk har tillit til digitale tenester, og at ein kan stole på dei tenestene som blir leverte av norske mobiloperatørar. Vi er overraska over at avvika er så omfattande, og vi oppmodar alle dei som har hemmeleg nummer, til å undersøkje med mobilselskapet sitt om tenesta dei har fått, er handtert på korrekt vis, seier Sharma.

Slik vart tilsynet gjennomført

Alle selskap som tilbyr telefon i privatmarknaden, fekk 20. oktober i fjor tilsendt eit tilsynsbrev som gjorde greie for det kommande tilsynet og kva kriterium dei blir målte opp mot.

Tilsynet vart gjennomført som eit praktisk tilsyn der Nkom oppretta abonnement med hemmeleg nummer hos fire aktørar, og deretter overførte abonnementa med hemmeleg nummer til nye aktørar.

(©NPK)