Planen skal opp i det faste utvalet for plansaker i Sula 25. april og vidare opp i kommunestyret 4. mai.

Det melder Blå Fjordar.

Anlegget har til no blitt kalla Kvasneset-anlegget.

Den siste tida har mange nytta namnet Kongshaug eller Kongshaugstranda, etter at anlegget vart teikna inn rundt ein halv kilometer nærare Veibust enn tidlegare.

Namnenemnda i Sula skal ta stilling til namnevalet 26. april.

Når det gjeld reguleringsplanen er den no utan motsegner.

– I første runde kom det motsegn frå fylkeskommunen i samband med automatisk freda kulturminne. Dette er no løyst med fleire tiltak, melder Blå Fjordar.

Og utdjupar:

– Fylkeskonservatoren vert med når grunnarbeidet for fortau skal gjerast ved gravrøysa. Dersom gravrøysa går under dagens veg og det blir nødvendig med tilpassing av vegen, blir det gjort. I samband med bygginga skal to heile og delar av eit tredje fornminne gravast ut. Det er også krav om anleggsgjerde mot fornminneområda i anleggsperioden for å hindre skade.

Etter eit eventuelt vedtak i kommunestyret 4. mai blir det sendt søknad til Riksantikvaren om løyve til å grave.