Ulukka med dei to bilane hende på E39 ved Alsåker mellom Nordfjordeid og Mogrenda i Stad kommune.

– Ein bil har hamna på taket, og naudetatane er på veg til staden, melder Vest politidistrikt tysdag kveld klokka 22.59.

Politiet opplyser klokka 23.44 at førar er bevisst og har fått tilsyn av lege og ambulansepersonell på staden. Det er store materielle skader på bilen som har hamna utfor vegen.

– Eine bilen har køyrt utfor vegen og ligg på taket ned mot elva. Naudetatane er på staden, og alle involverte er gjort greie for, opplyser 110 Vest klokka 23.23.

Vegtrafikksentralen Vest melder klokka 23.22 at vegen er stengt ved ulukkesstaden. Klokka 23.54 opplyser dei at det er manuell dirigering forbi ulukkesstaden.