– Dette er ei sak som vi også tidlegare har teke opp med fylkeskommunen, utan at eg kan sjå at det vart noko betring. Så no legg vi nytt trykk på denne saka, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug til Sunnmørsposten.

Han har difor sendt eit brev til fylkeskommunen der han skriv at Sykkylven kommune har fått innspel om at det er manglande tilrettelegging for parkering for både varebilar og personbilar på Magerholm ferjekai i Ålesund kommune.

Mykje pendling

– Ferjesambandet Aursnes-Magerholm har, som de er kjent med, stor trafikk og også mykje pendling i begge retningar. Det er dermed viktig at det er godt tilrettelagt for parkering på kaiene, skriv Drotninghaug i brevet.

– Sykkylven kommune ber om at de ser på dette, og vurderer moglegheitene for betre parkeringstilhøve på Magerholm, legg han til.

Bør vere kreative

– Det er kanskje ikkje så lett å finne areal til fleire parkeringsplassar der?

– Då får dei vere kreative, for dette bør vi få på plass, legg ordføraren til.