Sidan 2007 har talet på henteoppdrag hos Røde Kors hjelpekorps firedobla seg. Talet på søksoppdrag har nesten dobla seg. Samtidig har rekrutteringa av frivillige i hjelpekorsa stagnert. På landsbasis har talet på frivillige i Røde Kors hjelpekorps lege stabilt på 6.000–6.500 dei siste fem åra, skriv NRK.

Kjersti Løvik, landsrådsleiar i Røde Kors hjelpekorps, er bekymra over at dei ikkje får inn fleire frivillige i ei tid der behovet aukar.

– Det er ei urovekkjande utvikling. Vi ønskjer veldig gjerne at folk melder seg, seier Løvik.

Ho peikar på at utviklinga gjer at det stadig blir meir å gjere for kvar enkelt. I lengda vil ikkje dette vere berekraftig.

– Når du har hatt sju eller åtte oppdrag på berre nokre få dagar, så blir det ikkje tid til så veldig mykje anna.

Allereie til no i år er det 20 fleire henteoppdrag enn i heile 2015. Det året gjennomførte Oppland Røde Kors 79 henteoppdrag for AMK.

– Vi nærmar oss ein smerteterskel.

(©NPK)