Politiet melder at samanstøyten skjedde klokka 04.40 natt til torsdag.

Operasjonsleiar Leif Arne Mork seier i ein telefon til Sunnmørsposten at det oppsto skade på eit flyteelement og at det har losna betongbitar. Skaden skal ikkje ha påverka trafikken på brua.

Politiet har testa mannskapet for promille, men ingen testa positivt. Politiet har avslutta saka og eventuell oppfølging vil bli gjort av sjøfartsmyndigheitene.

Her stogga ferda til lasteskipet. Foto: Skjermdump frå MarineTraffic