(Sunnmøringen): Verneområdestyret for Geiranger-Herdalen gir Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv dispensasjon til å utføre enkle tilretteleggingstiltak på strekninga frå sjøen til første steintrapp ved råsa til Skageflå.

I søknaden kan ein lese at verdsarvstiftinga har fått meldingar frå fleire partar (m.a. Geiranger Fjordservice) om behov for enkle tiltak for å trygge ilandstiging/ombordstiging. Det blir meldt om enkeltskadar og fleire nestenuhell på staden.

Stålrøyr og kjetting

Arbeidet dei no har fått løyve til, går ut på å setje ned galvaniserte stålrøyr i berget. Desse vil bli knytt saman med kjetting, slik at folk har noko halde seg i.

Og så den øvre råsa vil bli trygga på same måte, fram mot starten på den fyrste trappa. Eit enkelt rekkverk er planlagt attmed trappa, som blir skildra som relativt bratt og med grunne trinn.

Kjent tursti

Verneområdestyret skriv i vurderinga at tiltaka det blir søkt om skil seg lite frå førre tilrettelegging litt lengre opp med gjerde, kjetting og sikringar.

Det blir lagt vekt på at råsa til Skageflå er ein av dei mest kjente turstiane i verneområdet.

Denne saka vart først publisert på sunnmoringen.no