Onsdag er det styremøte i HelseMøre og Romsdal, og i forkant av møtet får styret omvising på Voldasjukehus, Volda DPS og Mork rehabiliteringssenter.

Under omvisingapå Volda DPS tok leiar Ingrid Løset i brukarutvalet til orde for atsamarbeidet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta påsøre Sunnmøre fungerer godt.

– Andre har mykje å lære av dettesamarbeidet, seier Løset til Sunnmørsposten.

Under omvisinga påVolda distriktspsykiatriske senter (Volda DPS) orienterte GreteRyste Flåskjer om korleis dei er organisert og jobbar.

– Eg har inntrykk av at det blir gjortein veldig god jobb med dette, og at pasientane blir hjelpt på einannan måte enn om dei måtte reise inn til døgnseksjon forbehandling, seier Løset i brukarutvalet.

Ho skryt også avsamarbeidet mellom dei kommunale helsetenestene på søre Sunnmøre ogspesialisthelsetenesta som Helse Møre og Romsdal er ansvarleg for.

– Her blir det gjort mykje godt arbeid til etterfølging, seierLøset til Sunnmørsposten.