Det ligg i byggeprogrammet som har passert Ålesund formannskap og plannemnda for byggeprosjekt i fylket.

– Den nye Sørsideskulen blir først og fremt eit kulturbygg. No som Teatret Vårt får lokale her, blir det enda meir kultur i bygningen enn først planlagt. Dette er eit grep for å skape meir liv og røre i Ålesund sentrum, og for å gi utviklinga av Kulturhavna og heile Sørsida eit skikkeleg løft, seier Per Olaf Brækkan.

Med det siktar han til at bygningen blir full av teater, musikk dans og drama i tillegg til teoretiske fag når bygget etter planen er innflyttingsklart i 2021.

Meir kultur

Politikarane i fylkesting og bystyre har tidlegare vedtatt bygging av ny vidaregåande skule i samlokalisering med Ålesund kulturskole i bysentrum, til ei kostnadsramme på 450 millionar kroner.

Det nye er at regioninstitusjonen Teatret Vårt og skal inn i bygget.

– Barneteateret Vårt har sidan oppstarten hatt ei ein utfordrande situasjon når det gjeld lokale, og har lenge ynskt seg ein annan tilhaldsstad enn Arbeideren. No blir det ei løysing på det. I det nye byggeprogrammet er teateret lagt inn med areal til ei scene, støttefunksjonar og plass til rundt 150 tilskodarar, fortel Brækkan. Han meiner at samlokalisering vil generere nye tilbod.

– Plassen i Molde er eit godt døme på det. Samlokalisering i Ålesund vil legge til rette for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, teaterfolk og andre kulturskaparar på tvers av fagfelt og mellom profesjonelle og amatørar. Det vil bidra til å skape liv i Ålesund sentrum, og bidra til å vidareutvikle Sørsida og Mørebyen Ålesund, påpeikar Brækkan.

Nytt namn

Til no har skuleprosjektet på Sørsida gått under namnet «Ålesund vidaregåande skole- Sørsida». Namnet er endra til å «Sørsidebygget i Ålesund».

– Det er gjort for å tydeleggjere at det ikkje berre er ein vidaregåande skule som skal byggast her, seier Brækkan.

Stor bygning

I det framlagde rom- og funksjonsprogrammet går det fram at Sørsidebygget blir heile 10. 000 kvadratmeter stort.

Det andre arealet på 5.590 kvadratmeter kjem i byggetrinn to og skal mellombels vere på Latinskolen.

Flere Ålesund-nyheter? Sjekk vår byside

Den fylkeskommunale skuledelen er dimensjonert for 711 elevar, som fordelar seg på linene musikk, dans, drama og kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon, studiespesialiserande liner, service og samferdsel og TPO.

Den kommunale kulturskuledelen er dimensjonert for om lag 2.000 elevar. I tillegg går det med rundt 1.075 kvadratmeter til funksjonar som administrasjon, auditorium, lærarrom, kantine, idrettshall og vrimleareal.

– Alle tre institusjonane må inn på det vedtekne arealet i den same bygningen. Teateret kjem til å legge beslag på litt av plassen til kulturskulen, men det som kjem til å skje er at klasserom i Latinskulen kjem til å bli brukt lenger enn først antatt, meiner Per Olaf Brækkan.

Byggjestart i 2019

Prosjektleiaren fortel at den vidare framdrifta er at byggeprogrammet for Sørsidebygget skal opp i bystyret i Ålesund, kultur- og folkehelseutvalet og utdanningsutvalet i fylket, før fylkestinget etter planen skal vedta forprosjektet i desember 2018.

Byggjestart for Sørsidebygget er sett til 2019, og er truleg ferdig til bruk i 2021.

Det nye Sørsidebygget blir noko meir enn berre ein skule. – No som Teatret Vårt får lokale her, blir det enda meir kultur i bygningen enn først planlagt, seier prosjektansvarleg Per Olaf Brækkan. Foto: Kjell Herskedal