– Han er ein tydeleg nynorskbrukar i regjeringa Solberg og eit av dei største partia i landet. Difor passa det godt å invitere han, og vi trong ikkje akkurat å overtale han, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet, i ei pressemelding.

Dei nynorske festspela opnar torsdag 29. juni i Ørsta. Festspela er 25 år i år, og blant dei mange opningstalarane er Jon Georg Dale frå Volda den sjuande statsråden som har fått denne æra.

– Frå første dag som mat- og landbruksminister sette Dale ein språkleg standard for bruk av nynorsk i departementet, seier Øvereng, som veit at det har gjort inntrykk på mange at Dale har vore så tydeleg i si sak.