For første gong i kystlaget si historie tørkar dei i år boknasild i to rundar på loftet på slippen i Fosnavåg, fortel Svein Sporsheim i Herøy Kystlag.

– Den har no hengt i 22 dagar og er gryteklar og ideell som boknasild, ifølgje Sporsheim.

For dei som heller vil ha den som tørrsild, kan dei la den tørke heime rundt 10 dagar til. Temperaturen skal vere mellom minus tre og pluss sju, fortel han.

Det aktive kystlaget satsar på boknasild som ei viktig finansieringskjelde, i tillegg til inntekter frå gjestebryggene i Fosnavåg. Dei jobbar for å bevare gammal kystkultur, og å dokumentere utviklinga frå seglskutetida og fram til i dag.

Kystlaget opplyser at dei denne veka har ope for sal av boknasild måndag og tysdag frå klokka 11 til 17. Det er rundt 700 sild att, fortel Sporsheim måndag føremiddag.

– Silda får vi gratis av Fosnavaag Pelagic, og vi takkar dei så mykje, legg Sporsheim til.

Korleis tørke boknasild sjølv

Kunsten å tørke sild gir Sporsheim inntrykk av å kunne både godt og grundig. Han lærer villig vekk kunsten vidare til nye som er interessert.

  • Stikk kniven ned i nakken på silda, men skjer ikkje heilt igjennom. Skjer bakover langs beinet til det er seks-sju cm igjen. Stikk kniven igjennom, og fortsett til det er rundt to cm att.

  • Ta ut innmaten, og vreng fisken.

  • La silda ligge i isvatn over natta for å få ut blodet. Det er viktig at det er isvatn, og at det ikkje blir brukt salt.

  • Skrap ut symjeblæra.

  • Legg silda i vatn ein halvtimes tid.

  • Heng den på hjell under tak, skinn mot fisk, ikkje fisk mot fisk, og med 10 cm avstand. Temperaturen kan vere frå 6-7 grader og ned til minus tre.

  • Lagrast i papirsekk på ein tørr stad.

– Rundt 20 dagars tørk er ideelt for boknasild. Dei som vil ha tørrsild kan la den henge ei 10 dagar til, seier Sporsheim.