– Reiseliv og turisme er eit satsingsområde for Havila Holding. Difor er det ei glede for oss å ta over det veldrivne hotellet her i Hornindal.

Det seier Hege Sævik Rabben, som blir ny styreleiar for hotellet. Frå før er ho også styreleiar ved Hotel Ivar Aasen i Ørsta, eit hotell Havila Holding kjøpte i fjor sommar.

Havila Holding er eigd av familien Sævik: Per Sævik, og borna Njål, Vegard – og Hege Sævik Rabben. Per er dagleg leiar, Njål er styreleiar.

– Vi er også medeigarar i Thon-hotellet i Fosnavåg, vi eig eit hotell på Færøyane, er inne i Smyril Line, Fjord1, The Fjords, Widerøe – og i nye Kystruta, som skal sigle med fire skip langs norskekysten.

Günther Dahler er hotelldirektør ved hotellet i Fosnavåg, og har vore rådgjevar ved oppkjøpet i Hornindal.

– Raftevolds ligg strategisk til. Det er berre å sjå kor trafikken kjem ifrå. Dette er inngangsporten til Sunnmøre, og Sunnmøre aukar mest på turisme. Det er noko vi må gripe fatt i, seier Dahler.

Sunnmøre bli også hovudbasen for den nye Kystruta.

Jens Brokmann overtok hotellet i Hornindal 1. januar 2012, og har brukt over ti millionar kroner på oppgraderingar.

Det har gjeve positive utslag:

– Omsetninga er blitt fordobla på desse åra, frå sju til 14 millionar kroner, seier Brokmann.

Han fortel at det er familiære årsaker til at han sel hotellet. I løpet av året flyttar han tilbake til Tyskland. Men inntil vidare vil han arbeide ved hotellet, til ei ny leiing er på plass.

– Vi lyser ut stillinga som dagleg leiar her på hotellet i løpet av denne veka, seier Günther Dahler.

Jens Brokmann fortel at det var åtte-ni interessentar som melde seg etter at hotellet vart lagt ut for sal tidlegare i år.

– Det var dei som ville betale meir. Men eg syntest Havila hadde dei beste planane for korleis dei ville drive hotellet vidare. Mellom anna var eg oppteken av at det framleis skulle vere heilårsope. Eg likte ikkje tanken på at dette skulle bli eit sommarhotell som hadde stengd frå september til mai.

Kva Havila Holding må betale for eit nyoppussa hotell med 44 rom, vil ikkje partane ut med.

Og Hege Sævik Rabben varslar berre ei omlegging:

– No skal hotellet nytte nynorsk.

First Hotel Raftevold har fått ei total ansiktsløfting dei siste åra. Mange millionar er brukt på å oppgradere hotellet. Foto: First Hotel Raftevold