– Det digitale frisleppet i skulen er ein katastrofe for nynorskelevane, og ein digitaliseringsplan for skulen må gjere noko med dette, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Det var torsdag at Brenna kunngjorde at ho utarbeider ein digitaliseringsplan for skulen – altså ein plan for bruken av digitale læremiddel for skuleelevar, som til dømes nettbrett, melde NRK.

Planen skal leggjast fram i vinter ein gong. Mållaget viser til at blant dei mange digitale løysingane som finst i skulen, er det mange som ikkje finst på nynorsk – sjølv om elevane har krav på det.

– Vi kan ikkje finne oss i at digitaliseringa i skulen går utover kvaliteten på opplæringa til nynorskelevane. Det må kunnskapsministeren ta på høgaste alvor, og ho må nytte seg av dette høvet til å gi dei den opplæringa dei har krav på, seier Sætre.

(©NPK)