Mindre vindkraft og høgare brensel- og CO2-pris bidrog til ein ytterlegare auke i kraftprisane i både Norden og Europa i veka som gjekk. I Sør-Noreg var vekeprisen 305 øre/kWh, altså ein auke på 70 prosent frå veka før. Dette kjem fram i den vekefaste kraftsituasjonsrapporten frå NVE.

Prisane i dei landa Noreg har utvekslingskapasitet med, var endå høgare. Dette førte til at Noreg hadde den høgaste nettoeksporten over ei veke nokosinne.

Auken i kraftpris var størst i Midt-Noreg. Der var vekeprisen 269 øre/kWh, noko som svarer til ein 240 prosents auke frå veka før. Dette er den høgast målte vekeprisen i Midt-Noreg så langt. I enkelte timar var prisen i Midt-Noreg 500 øre/kWh og dermed høgare enn i dei sørlege prisområda i landet.

I det same tidsrommet var vindproduksjonen nord i både Noreg og Sverige veldig låg, og Midt-Noreg hadde lik pris som Nord-Sverige. I Nord-Noreg fekk kraftprisen ei dobling frå veka før, og enda på 129 øre/kWh.

Det var ein til to grader kaldare i veke 48 enn det har vore i vekegjennomsnitt dei siste 20 åra. I veke 49 er det venta å bli endå kaldare med temperaturar på ned mot fire til seks grader kaldare enn vekegjennomsnittet i heile landet.

(©NPK)