Både Stranda kommune og Geirangerfjorden Verdsarv er kritiske til tildeling av ruteløyve til «Hop on – hop off» sightseeingbussar. Det går fram av ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er selskapet Strömma Norge AS som har sendt inn søknaden om ruteløyve. Bussane er meint som eit tilskot til cruisenæringa i området. Dei kritiske røystene peikar på si side på mangel på areal til nye infrastrukturtiltak.

– Området det er søkt om ruteløyve for, manglar trygge areal til busshaldeplassar og samanhengande gangvegnett. I fleire tilfelle skjer av- og påstiging i vegbana, skriv Geirangerfjorden Verdsarv.

Stranda kommune peikar på same problemstilling, og meiner at bygda ikkje er dimensjonert for store trafikkvolum. Kommunen føreslår snarare ein reduksjon av belastingsnivået.

(©NPK)