Då Sunnmørsposten besøkte festivalområdet onsdag var området rundt Øygardshamna midt i forvandlinga til festivalområde.

– Akkurat i dag er det mest dei synlege endringane, slik som scene, som kjem på plass. Så skjer det mykje dei neste dagane. Vi har planlagt dette i eit år, fortel Simon Pedersen frå Momentium saman med Terje Erstad. Gjennom mange år med ulike festivalar er dei godt drilla i rutinane, men når det kjem til akkurat Sommerfesten er dei opptatt av at det skal forandre seg frå år til år.

Ta buss!

– Vi har tatt grep for å unngå dette. Vi forventar heller ikkje same trykket i år, som i fjor. Då skulle alle komme og dra til same tidspunkt, og det blei jo Marcus- og Martinus-kaos, forklarar dei og kjem med ei oppfordring:

– Ta buss!

Spennande program

Og det musikalske programmet beskriv dei som spennande.

– Festivalen er veldig barnevennleg, samstundes som ein finn noko for musikkinteresserte. Det er ikkje alle som er like kjend, men dei held høg kvalitet, seier Erstad og legg til at særleg kjekk blir jo Sigrid.

– Ho er nokon vi har hatt mykje å gjere med i mange år. Og no kjem ho tilbake som headliner. Momentium har vore involvert med mange lokale talent som har spelt på festivalar, men dette er fyrste gong vi har ein lokal som kjem tilbake som headliner, fortel Erstad. Sigrid har altså spelt på Sommerfesten på Giske tidlegare, men då var det snakk om eit heilt anna kaliber. Sidan sist gong har nemleg Ålesund-jenta tatt verda med storm.