Søndag kveld melder politiet om innbrot i bustadhus både i Eidsvika og i Brattvåg. Frå begge husa, som ligg i Haram kommune, er det stole sølvtøy i løpet av helga.

I Eidsvika har tjuvane tatt seg inn via eit vindauge.

I Brattvåg skal innbrotet vere gjort mellom fredag ettermiddag og søndag føremiddag.

Så langt politiet kjenner til, er det tatt sølvtøy for fleire titusen kroner.

Lyste med lommelykt

På Stette i Skodje vart det gjort forsøk på eit bustad-innbrot i 01.30-tida natt til søndag.

- Her oppdaga huseigaren at det stod nokon og lyste med lommelykt inn gjennom verandavindauget. Dette var ein mann i ukjend alder, og han sprang fort då han vart oppdaga, fortel operasjonsleiar Borge Amdam hos politiet på Sunnmøre.

Politiet opplyser at dei gjennomfører rundspørjingar i desse områda. Politiet ber også om tips på telefon 02800.

- Dersom folk har sett bilar eller personar som dei har stussa på i området, ber vi dei om å melde seg, seier Amdam.

- Det er naturleg å sjå om det er samanheng mellom desse hendingane, seier han vidare.