Meldinga frå politiet vert lagt ut klokka 23.27, men trafikkulykka skal ha skjedd klokka 21.40. Då rykka dei ut til fylkesveg 61 på Leikong i Herøy.

Ein bil køyrde av vegen, og i den sat det fire personar. Alle vart køyrt til legevakt for sjekk.

– Det var mindre personskadar på dei som sat i bilen, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund.

Han kan ikkje seie noko om årsaka.

– Bilførar er avhøyrt. Den vidare etterforskinga vil avdekke årsaka, seier han.

Bilbergar har henta bilen.