Teknologien har endra seg radikalt sidan avisa vart grunnlagt i 1882, men oppdraget er i hovudsak det same. I ei tid der kunstig intelligens tek over fleire oppgåver, blir behovet for den sanningssøkande, faktaorienterte journalistikken endå viktigare. Oppdraget vårt er å informere om det som skjer, både det som er positivt og det som må rettast på. Vi skal avdekke kritikkverdige forhold, verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming, og vi har særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk, ifølge Ver varsam-plakaten.

Stadig fleire les nyheiter på mobil, og i 2022 spissa vi organisasjonen endå meir mot digital publisering. Dette har bidratt til sterk digital trafikkvekst. Vi hadde ei målsetjing om 2,8 millionar sidevisingar på smp.no i veka, og mot slutten av året låg vi ganske stabilt på over 4 millionar. Sunnmørsposten auka opplaget med 191 frå første til andre halvår i 2022, og det er no på 27.025.

Sunnmørsposten held til i nye lokale i Keiser Wilhelmsgate i sentrum av Ålesund. Foto: Staale Wattø
Ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg Foto: Tone Molnes

Mål og prioriteringar:

  1. Vi skal vere nyheitsleiande i nordvest – og sørge for at alle våre lesarar blir raskt oppdatert om dei viktigaste sakene

  2. Vi skal prioritere undersøkande journalistikk, og auke talet på gravesaker

  3. Vi skal auke satsinga på lyd- og bildejournalistikk

God journalistikk er undersøkande, og vi legg vekt på å verdiauke den kvardagslege journalistikken med stor kjeldebreidde. I tillegg skal vi ha rom for prosjekt som krev både tid og ressursar. Det var ein artikkelserie som kartla dødsulykkene i trafikken i Sunnmørspostens nedslagsfelt som vart tildelt Dataskup-prisen 2022 for liten redaksjon. Ved å finne ut kvar dei fleste ulykkene skjer, og kva som var årsakene, har vi fått fram ny innsikt som kan bidra til å forebygge at liv går tapt i trafikken. Den databasen som vart bygd i samband med prosjektet, blir kontinuerleg oppdatert, og legg grunnlag for nye saker framover.

I denne sjølvmeldinga nemner vi mange saker vi er godt fornøgde med, men også område der vi kan bli betre. Generelt er det for sjeldan vi klarer å formidle journalistikk som heilt konkret synleggjer livssituasjonen til dei minst ressurssterke i samfunnet. Dette gjeld område som rusfeltet, barnefattigdom, sosialt stigmatiserte grupper og - kanskje vanskelegast - pyskisk sjukdom. Det hender jo at vi lykkast, men det hender vel så ofte at vi prøver - og mislykkast. Slike nederlag kan gjere det meir krevjande for journalistane å prøve på nytt. Det må vi som redaksjonelle leiarar vere medvitne om, og gje rom og støtte for research med risiko for manglande resultat. Elles svikter vi samfunnsoppdraget vårt.

Rundt 70 prosent av abonnentane våre les minst ei pluss-sak på smp.no kvar veke. Vi har framleis ein veg å gå for å informere om alt som er inkludert i eit abonnement på Sunnmørsposten. Nyheitene blir først levert digitalt, og så fungerer papiravisa som ein «dagsrevy» der dei viktigaste sakene blir samla.

Satsing på lydjournalistikk og levande bilde er viktige strategiske prioriteringar i mediehuset Sunnmørsposten. Vi har to podkastar, «Sunnmørsball» og næringslivspodden «MAR», og har gode erfaringar med å videofilme podkasten, – slik at brukarane sjølv kan velje om dei vil ha innhaldet med eller utan video.

Ei av storsatsingane på levande bilde i 2022, var direktesending frå Borgundfjordfisket. Dette torskefisket skaper kvar vår eit yrande liv på fjorden, og vi hadde eit ønskje om å formidle det på ein annan måte enn den tradisjonelle reportasjen. Resultatet vart ei 3,5 timar lang direktesending frå to båtar på fjorden. Direktesendinga vart i etterkant redigert ned til eit program som skular kunne bruke i undervisninga om Borgundfjordfisket, som både er viktig lokalhistorie og samtidskunnskap.

Russlands invasjon av Ukraina har sett sitt preg på arbeidet vårt dette året. Då krigen braut ut i februar, oppretta vi livestudio på smp.no der vi i starten oppdaterte våre lesarar kontinuerleg om utviklinga. Vi hadde eit ønske om å formidle situasjonen til flyktningane på nært hald, og sende journalist og fotograf til Romania, som fortalde historia til ein famiie som flykta frå Ukraina til Sunnmøre. Vi registrerer at saker om Ukraina-krigen blir lite lest på smp.no, kanskje fordi lesarane våre les utanriks andre stadar. Vi meiner likevel dette er vesentlege saker, som det er vårt oppdrag å informere om.

Debattstoffet er høgt prioritert i Sunnmørsposten, og dette er tema som har dominert debatten i år: Kommunedelinga Ålesund-Haram, samferdsel (Møreaksen, ferjetilbodet og bypakken), kjønnsidentitet, klima, krigen i Ukraina, helsetilbodet og energipolitik/ straum.

Tilsaman 1156 personar har deltatt med debattinnlegg. Når det gjeld aldersfordeling var 47 prosent over 60 år, men kun sju prosent over 80 år. 15 prosent var under 30 år. Dei yngste er underrepresentert i høve befolkningssamansetninga, og berre 34 prosent av lesarbrevforfattarane var kvinner.

Vi har fått støtte frå Fritt Ord til å gjennomføre prosjektet «Unge stemmer på Sunnmøre» som har som mål å få fleire unge til å delta i samfunnsdebatten. Skuleklassar kan få besøk av vår debattjournalist som gir rettleiing i korleis skrive debattinnlegg, og vi skal lyse ut skrivekonkurranse med gode premiar. Dette skjer i løpet av 2023.

Sunnmørsposten er blitt godkjent som lærebedrift i faga innhaldsproduksjon og mediedesign av Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette gjer oss i stand til å ta imot lærlingar, og vere med på å utdanne framtidige mediearbeidarar.

Innovasjon og redaksjonell utvikling: I redaksjonen arbeider SMP Lab, eininga for teknologi og utvikling, mer ulike prosjekt som skal styrke innovasjonen i avisa. Dei arbeider tett saman med teknologiavdelinga i Polaris Media, og samarbeider med Polaris Media Streamsenter og fleire mediehus i Polaris om ulike prosjekt. Nokre døme er avstemminga Byens Beste, skattekartet og Ålesund Maraton.

I 2022 vart også Sunnmørsposten ein del av den norske medieklyngen, NCE Media som held til i Bergen. Medlemsskapen gir tilgang til ei rekkje teknologiselskap og eit stort nettverk med kunnskap på internasjonalt nivå innanfor medie- og teknologibransjen.

Vi er veldig stolte over at vår digitale utviklingssjef, Liv-Jorunn Håker, vart kåra til Årets Netthode 2022 av NONA, Norwegian Online News Association, i tøff konkurranse med kandidatar frå VG, Aftenposten og Dagbladet.

Produksjonen: Det er mange år sidan Sunnmørsposten snudde produksjonen til å bli digital først. Sunnmørsposten er morselskap til 11 lokalaviser, som vi utfører ein del tenester for. Vår produksjonsavdeling har fire tilsette med kompetanse på grafisk arbeid, design og presentasjon. Avdelinga produserer Sunnmørpostens papiravis, inkludert magasin, samt deler av følgjande aviser: Vestlandsnytt, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt, Nyss, Fjordenes Tidende, Fjordingen og Dølen. I avdelinga blir det også arbeida med design og produksjon av ulike digitale presentasjonar.

Her er nokre saker som har sett dagsorden i 2022:

Dødsulykkene: Artikkelserien karlegg dødsulykker i trafikken i Sunnmørspostens nedslagsfelt, og vart tildelt Dataskup-prisen 2022 for liten redaksjon. Ved å finne ut kvar dei fleste ulykkene skjer, og kva som var årsakene, får vi fram ny innsikt som kan bidra til å forebygge at liv går tapt i trafikken. Den databasen som vart bygd i samband med prosjektet, blir kontinuerleg oppdatert, og legg grunnlag for nye saker framover. Klikk på bilda under for å lese heile serien:

Sunnmørsposten vart tildelt dataskup-pris for serien om dødsulykkene. Det er eit omfattande arbeid som ligg bak. Fremst: Karl Petter Løvoll. Frå venster: Dag Arne Alnes, Staale Wattø, Linda Nygard-Sture, Liv-Jorunn Håker og Jan Erik Finsæther. Foto: Nils Harald Ånstad

Skulekutta: Den krevjande økonomien til Ålesund kommune går også utover skuledrifta. I ein større reportasje sette Sunnmørsposten søkelys på dette og viste fram skilnadene mellom skulane - på godt og vondt.

Bypakken i Ålesund: Informasjonsbehovet var stort då bompengar vart innført i Ålesund i samband med vegprosjektet Bypakken. Vi la vekt på forklarande journalistikk, med tekst, foto, grafikk og video. Vi gjennomførte også livesending på SmpTV, der folk kunne stille spørsmål og svar direkte frå politikarar, Statens vegvesen, busselskap, fylkeskommune og bompengeselskap. Alle spørsmål og svar vart deretter presentert over åtte sider i papiravisa.

Ungdomsbråket i Ålesund: Gjennom sommaren kom det opp mange tilfelle av vald og narkotikasal knytt til ei gruppering svært unge ungdommar i Ålesund. Handteringa av dette frå ulike myndigheiter fekk stor plass i Sunnmørsposten.

Gondol på Sula: Planene for gondol frå Langevåg til Sulafjellet har splitta lokalsamfunnet. Kampen står mellom næringsutvikling og bevaring av både bumiljø og natur. Klikk på bilda under for å lese sakene om temaet:

LGBT+ på Sunnmøre: Etter bar-skytinga i Oslo i slutten av juni valte Sunnmørsposten å undersøke situasjonen for menneske i LGBT+-miljøet i vårt nedslagsfelt. Det resulterte i ein brei reportasje som fortel om livet til enkeltmenneske.

Sportsredaksjonen har sett fokus på treningstider, maraton og dei nære historiene. Her er nokre av reportasjene frå 2022:

Kultur: Det skjer mykje i kulturlivet i nordvest. Her er nokre av dei beste sakene frå 2022:

Helgapraten: Kvar laurdag, så langt tilbake som vi klarer å hugse, har vi portrettintervjua ein person i «Helgapraten». Denne serien er blitt ein institusjon i seg sjølv. Også i 2022 er vi blitt betre kjent med mange interessante personar på denne måten, og her er nokre døme på det:

Digital utviklingssjef i Sunnmørsposten, Liv-Jorunn Håker vart kåra til Årets netthode 2022 av Norwegian Online News Association. Foto: Eirin Larsen

Prisar Sunnmørsposten har fått

  • Dataskup-prisen liten redaksjon for serien «Dødsulykkene»

  • Årets netthode: Liv-Jorunn Håker, digital utviklingssjef i Sunnmørsposten, vårt kåra til Årets Netthode, av NONA ( Norwegian Online News Association).

Priser Sunnmørsposten har delt ut:

  • Heidersprisen til Ernst Valderhaug

  • Kulturprisen til Terje Fagermo

  • Idrettsprisen til Fredrik Aursnes

  • Godt vern prisen vart tildelt Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen for arbeidet med å restaurere Rønneberghuset på Larsnes. Prisen er eit samarbeid mellom Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag og Sunnmørsposten.

  • Årets Nyskaper-prisen gjekk til Spilka Building solutions. Denne prisen, som heidrar bedrifter og privatpersonar som legg vekt på berekraft og nyskaping, er eit samarbeid mellom NTNU, ÅKP, Næringsforeningen Ålesundsregionen, Nordea, Sparebank1SMN, Sparebanken Møre og Sunnmørsposten.

Kunstnar Terje Fagermo fekk Sunnmørspostens kulturpris. Foto: Staale Wattø

Journalistfagleg utvikling

Alle redaksjonelle medarbeidarar i Sunnmørsposten konsern (som også inkluderer våre 11 lokalaviser) har fått tilbod om å gjennomføre eit kompetanseprogram med tema undersøkande journalistikk, som er utvikla i samarbeid med Institutt for journalistikk. Kompetanseprogrammet som går over eit halvt år, vart gjennomført våren 2022, hausten 2022 og våren 2023.

  • Vi har gjennomført internkurs i «Grip leseren» for å auke fokus på visuell historieforteljing.

  • To medarbeidarar har gjennomført delemne masterprogrammet undersøkande journalistikk ved Sujo (Senter for Undersøkende Journalistikk) i Bergen

  • To har deltatt på graveskulen i regi av Skup

  • Fem redaksjonelle medarbeidarar deltok på Skup-konferansen i Tønsberg.

  • Fem frå Sunnmørsposten deltok på Hauststormen i Bergen.

  • Fire frå redaksjonen deltok på Dataskup-konferansen i Oslo.

  • I samband med overgang til ny publiseringsplattform (CNP) vart det gjennomført opplæring av alle medarbeidarar.

Etikk

Sunnmørsposten vart ikkje felt av PFU i 2022.

Vi vart klaga inn av Viti ( tidlegare Sunnmøre Museum) i saks-id:22572, for manglande mulegheit til samtidig imøtegåing. Den vart løyst ved at vi beklaga, og Viti fekk høve til å kome med sitt tilsvar. Punkt 4.14 i Ver varsam-plakaten slår fast at alle personar, organisasjonar, bedrifter som blir utsett for sterke skuldingar, har krav på å få kome til orde samtidig med sin versjon av saka. Dette er eit av dei mest grunnleggande prinsippa i presseetikken. Likevel er det dette punktet det er lettast i snuble i, og derfor er det stadig behov for påminningar.

To justismord prega nyheitsbildet i november: Viggo Kristiansen vart frikjent, etter å ha site 21 år i fengsel. Fetteren i Tengs-saka vart endeleg reinvaska, etter å ha vore mistenkt i 25 år. Feilvurderingar har øydelagt liv, og det er ikkje berre politi og rettsvesen som må lære av feila. Det må også vi som arbeider i media gjere. Vi har hatt dette som tema på redaksjonsmøte.

Kjelder

Vi har ingen nøyaktige målingar, men veit at vi treng fleire kvinner, fleire med fleirkulturell bakgrunn - og vi må oftare kome oss ut av kontoret og snakke med folk der dei er. Målet er å få på plass betre registrering av kjelder i løpet av året.

Berekraft

Sunnmørsposten har hatt status som Miljøfyrtårn sidan 2011, og i 2022 vart vi resertifisert etter nye krav.

Då vi flytta inn i nye lokale i 2021 reduserte vi kontorarealet frå 3.450 til 980 kvaradratmeter. Vi har lagt vekt på energiøkonomisering, betre avfallshandtering, og samordning av innkjøp og transport.

Berekraft handlar også om mangfald i journalistisk kjeldebreidde og ved rekruttering av nye medarbeidarar. Ved å bli lærebedrift ønskjer vi å bidra til å sikre framtidig, mangfaldig rekruttering til mediebransjen.

Vår viktigaste oppgåve i eit berekraftperspektiv, er å lage den gode grundige journalistikken, som er avgjerande for eit levande demokrati.

Mest leste saker

Dette er våre mest leste saker i 2022:

Mest sette videoer:

Direktesendingar: Slinningsbålet er ein folkefest for heile byen. Vi sendte direkte frå Slinningsodden og hadde om lag 34.000 sjåarar på sendiga og tilhørande videoar.

Kvar vinter er det stor ståhei når torsken kjem inn i Borgundfjorden. Fjorden blir fylt med båtar som vil fange årest beste torsk. Direktesendinga frå Borgundfjordfisket hadde om lag 6.000 visningar på sendinga og reportasjar frå fisket.

Nyhetsvideoar: Det blir produsert flerie nyhetsvideoar kvar veke i Sunnmørsposten, nokre meir omfattande og lengre enn andre. Her er dei som hadde flest sjåarar i 2022:

Videoen om Kongeparet på Sunnmøre hadde rundt 9.000 sjåarar.

Langsending frå Midsundtrappene hadde ca. 3.700 sjåarar.

Kort dokumentering av «Snøkaos i Volsdalsbakken»: ca. 7.500 sjåarar.

Begravelsen til Bjarne Haagensen hadde rundt 5.200 sjåarar.

Direktsending frå studio om Bypakken i Ålesund fekk om lag 2.800 sjåarar.

Sport: Å dekke lokal fotball i fleire divisjonar har vore eit varemerke for Sunnmørsposten i mange år. I 2022 produserte vi om lag 10-13 etter kampen-sendinger som nådde mellom 1.000-1.500 sjåarar kvar.

Norway Cup 2022 var ei enorm satsing der vi sendte rundt 120 kampar som fekk totalt ca. 60.000 sjåarar.

Ellers sendt vi om lag 220 fotballkamper i 2022 utanom Norway Cup, der treningskampen AaFK – Molde hadde flest visningar frå om lag 6.000 sjåarar.

Ellers hadde videojulekalenderen vår om lag 11.000 sjåarar totalt og vi fikk inn over 1.200 svar fra lesarane til konkurransen.

Humor er alltid populært, og videoen med Margot på tur hadde rundt 5.800 sjåarar.

Årets beste bilder

Her er et lite knippe bilder tatt av våre fotografer i 2022.

Maria Holand Tøsse Mange fortel om følelsen av å bli åleine etter eit samlivsbrot. Ho var redd ho aldri skulle oppleve glede igjen. Foto: Staale Wattø
Niels Kretschmer, 15 år og elev ved Ålesund kulturskole får møte "mesteren" Leif Ove Andsnes til privat pianotime i Parken kulturhus. Foto: Staale Wattø
Her er eit rikt artsmangfald, og det er viktig for lokalsamfunnet for rekreasjon og for yrkesfiskarar, seier Kjell Reiten medan han styrer sjarken sin ut frå småbåthamna på Hildre og i retning av Alvestadbukta Foto: Staale Wattø
Organisasjonen Livat sørger for gyldne stunder med fargar og latterkick ved Vigra omsorgssenter. Foto: Staale Wattø
Olaug Bollestad på besøk hos hjelpemiddelsentralen i Ålesund. Foto: Nils Harald Ånstad
Randi Kjerstad Hagerup ryddar plast på Lepsøya. Foto: Nils Harald Ånstad
Tak på fjøs i Velledalen bles vekk under ekstremveret Gyda. Foto: Nils Harald Ånstad
Aiamble Mutabazi og resten av 4. klassingane ved Aspøy skole var invitert til Nasjonalmuseet i Oslo før den offisielle opninga. Foto: Gry Støre
Initiativtakar til solidaritetsmarkering i Ålesund, Moshdeh Giske, var ei av kvinnene som klipte av seg hår i protest mot moralpolitiet i Iran. Foto: Jan Erik Finsæther
På tur opp Midsundtrappene Foto: Jan Erik Finsæther
Fakkeltog i Solevåg mot trafikkfarleg veg Foto: Jan Erik Finsæther
2. juledag på Fjellsætra. Maria Kristine Koppen og Pål Betten med barna Amalie (2) og Jacob (5) testet langrennsløypene på Fjellsætra. Foto: Nils Harald Ånstad
Sigurd Haugen i AaFK på treningsleir i Marbella, Spania. Treningskamp AaFK - Tromsø. Foto: Nils Harald nstad

Spørsmål fra Polaris-stiftelsen

1. Offentlighetsloven og innsynsretten er kanskje pressens beste redskap for å oppfylle sitt samfunnsoppdrag. Hvilke erfaringer har redaksjonen med journaljakt? Blir det praktisert? Møter dere motstand fra kommuneadministrasjonen eller andre?

Det blir drive ganske utstrakt journaljakt i redaksjonen. Rundt 15 medarbeidarar gjennomfører ulike søk i løpet av ei arbeidsveke. Vi har omtrent dagleg saker publisert som har sitt opphav i slike søk. Vi får relativt raskt svar frå Ålesund kommune, medan andre kommunar kan vere treigare.

I samband med prosjektet «Dødsulykkene» har Statens vegvesen vore ein avgjerande aktør for oss. Vi har todelte erfaringar med vegvesenet. Dei har både vore opne og delt ulykkesrapportar med oss som ikkje har vore offentlege før, men også gitt avslag på søknadar på innsyn. Vi har vore kritiske til graden av sladding og anonymisering av informasjonen frå vegvesenet.

Konserntilhørigheten innebærer mange fordeler, særlig med tanke på den digitale transformasjonen, men også på en rekke andre måter. Men kan det være fare for at avisene blir for like? Er det fare for at lokalt særpreg, egen redaksjonell profil og originalitet går tapt? Er innholdsutviklere på konsernnivå blitt konkurrenter til redaktørene? Er mediemangfoldet truet?

Polaris Media er nok eit mindre sentralstyrt mediekonsern enn andre. Samordning av den tekniske produksjon av papiravisene er initiert av redaktørar, for å frigi meir tid til journalistikk. Det er redaktøren sitt ansvar å verne om det lokale særpreget og den redaksjonelle profilen. Innhaldsutviklarane gir gode innspel, men blir på ingen måte opplevd som konkurrent til redaktøren. .

Om mediemangfaldet er truga? Nei, tvert om, og her er eit døme på det; Sunnmøringen og Sykkylvsbladet var to små aviser, som sleit på kvar sin plass. Etter at Sykkylvsbladet vart kjøpt opp av Sunnmørsposten, og slått saman med Sunnmøringen til mediehuset Nyss - er det blitt ein suksess, som gir folk både på Stranda og Sykkylven eit betre redaksjonelt tilbod.

Baneheia-saken og Birgitte Tengs-saken minner oss om rettsstatens skjørhet og om viktigheten av kritiske røster og god journalistikk. Hva er redaksjonens reaksjon på denne og lignende type saker? Bidrar disse sakene til bevisstgjøring, ikke minst om kriminal- og rettsjournalistikken?

Det er mykje å lære både av Baneheia og BIrgitte Tengs-saka. Mellom anna kor viktig det er med kjeldekritikk, også i møte med politiet. Vi har lytta til Bjørn Olav Jahrs foredrag om å utfordre sanningar, og hatt dette som tema på redaksjonsmøte. Vi skal vere spesielt obs på «bekreftelsesfella» i vår eigen journalistikk, og passe på at vi ikkje utviklar tunnelsyn slik at viktige perspektiv går tapt. Toleransen for motstemmer må vere stor i kontroversielle saker. Dette har eg skrive om i denne kommentaren:

Fredag er det vafler i fellesområdet. Sunnmørsposten har eit godt arbeidsmiljø, og folk trivast i dei nye lokala, viser siste arbeidsmiljøundersøking.

REDAKSJONELL ÅRSRAPPORT FOR POLARIS MEDIAS STREAMSENTER

Prosjektleder Stig Vågnes i midten sammen med konsernsjef Per Axel Koch under åpningen av Polaris Media Streamsenter, flankert av Oda Gjevikhaug (t.v.) og Vegard Holmen (t.h.) Foto: Staale Wattø

Polaris Media Streamsenter ble opprettet 15.september 2021 for å bistå alle konsernets mediehus i å øke kompetansen på levende bilder og direktesendinger. Vi skal også stå for den tekniske utførelsen av samarbeidsprosjekt i konsernet og forvalte felles rettigheter.

Streamsenteret er organisajonsmessig lagt til Sunnmørsposten, og blir ledet av Stig Vågnes.

Etter en litt utfordrende start med Corona-restriksjoner, ble året 2022 meget spennende og fruktbart for streamsenteret. Lokalisert i Ålesund har streamsenterets fire medarbeidere utarbeidet manualer, opplæringsvideoer og kursmateriell som blir brukt til opplæring og support for samtlige mediehus i konsernet.

I løpet av 2022 har vi holdt kurs hos 38 mediehus, hovedsaklig i Nord-Norge. Midt-Norge, Nordvestlandet og Gudbrandsdalen. Ifølge planen skal mediehusene i PM Sør og Stampen (Sverige) besøkes våren 2023, før det blir et «oppsamlingsheat» for nye mediehus og nye medarbeidere. Parallelt med dette har vi bistått flere mediehus med studiobygging og innkjøp av videoutstyr. Vi er også direkte linket opp mot kontrollrom hos Adresseavisen og Sunnmørsposten.

Streamsenteret har vært bemannet 8-22 hverdager og i helgene. Alle kan nå oss på vakttelefon 97 60 10 20 eller stream@polarismedia.no. Vi er også tilgjengelig i Helpdesk på Teams. På den måten har vi kunnet gi support til mange mediehus som trenger bistand, spesielt i forbindelse med direktesendinger og kritisk feilretting. Vi har også bistått mediehus og underkonsern i forbindelse med planlagte sendinger i helgene (f.eks. NM Snooker i Trøndelag). På den måten har mediehus spart bemanning lokalt i helgene.

I februar/mars var vi i Spania for å sørge for signal til våre aviser når fotballag fra Eliteserien, OBOS-ligaen og Toppserien spilte treningskamper. Gjennom SPA-samarbeidet (Schibsted/Polaris/Amedia) fikk vi sendt 43 kamper til våre mediehus.

Polaris Media Streamsenter bisto trønderavisene med streaming av Skandia Cup 2022. Dagen før arrangementet innførte Norges Idrettsforbund et forbud mot streaming av barn under 15 år. Det fikk store konsekvenser for arrangør og gjorde at 40 prosent av planlagte kamper ikke kunne streames. Vi fulget NIFs regelverk, men streamsenteret tok initiativ til, og deltok i møter med NIF, sammen med Norsk Redaktørforening og Norsk Presseforbund, for å få klarhet i om redaktørstyrte medier er fratatt muligheten til å ta selvstendige valg basert på egne etiske vurderinger, samt «journalistunntaket» i Personvernloven og «berettiget interesse». Disse samtalene pågår fremdeles inn i 2023.

Streamsenteret sto også for planlegging og gjennomføring av streaming av Norway Cup for Polaris Media og Schibsted. Også her mistet vi mange kamper på grunn av 15-årsgrensen, men vi endte opp med å streame 877 kamper i løpet av seks dager. I tillegg til streamsentrets fire medarbeidere, deltok 16 flinke folk fra våre mediehus hele uka på Ekebergsletta. Det ble streamet fra 18 baner/lokasjoner og alle kampene ble distribuert ut til alle våre mediehus + Schibsted av oss. Evaluering viste at vi gjorde det alle meste riktig allerede på første forsøk. Neste år vil vi bruke flere ressurser til ENG-team og Norway Cup studio-sending.

I forkant av turneringen sendte vi ut informasjon om streamingtilbudet, samt egenerklæringsskjema for personer/lag som ikke ønsket å bli streamet. I tillegg hadde vi kurs for fotografer og kommentarer for å fokusere på positive opplevelser, unngå filming av skader og unngå dommerkritikk.

I en undersøkelse som Norway Cup utførte blant lagledere, trenere, spillere og foreldre etter turneringen, svarte 96 prosent at de stiller seg positive til strømming av kamper. Bare en prosent stilte seg negativ til strømming. 97 prosent tror strømming av kamper fra turneringen øker det lokale engasjementet rundt klubben sin. 99 prosent ville anbefalt venner og familie å se kampene i ettertid. Samtidig har Mygames streaming av barneidrett med AI-kamera fått mye kritikk ut over høsten, noe som gjorde at NIF satte aldersgrensen for streaming til 18 år. Vi kommenterer ikke dette videre, men viser til at Datatilsynets juridiske forarbeid til NIF skiller mellom ubemannede automatiserte AI-kameraer – og kamera som er bemannet. Dette vil bli fulgt opp.

Streamsenteret er også involvert i arbeidet med ny avtale mellom TONO og MBL for å gjøre det enklere å bruke rettighetsbelagt musikk i produksjoner.

Streamsenteret hadde ansvar for årets «Polarisprisene»-sending. Vi planlegger nå for streaming av Landsskytterstevnet innendørs 2023 i Stjørdal (februar) og NM i Scooter Cross (mars) til konsernets mediehus. Vi er også ferdig med en ny og spennende kurs-modul for bruk av mobil til direktesendinger, «breaking news» og videoer for SoMe.

Vi ser at innføring av felles/like systemer er ressursvennlig og styrker konsernet i streamkampen. Mindre mediehus får grunnleggende opplæring og hjelp, mens større mediehus kan spare bemanning i helgene. I sum får flere mediehus tilgang til mer levende innhold til sine nettaviser.

Programlederne Rannei Mesloe og Finn Vågå ledet årets "Polarisprisene" på en trygg og god måte.
Kenneth Hjelle (t.v) og Vegard Holmen i kontrollrommet.
Jo Nymo Matland og Freddy dos Santos kommenterer kamp under årets Norway Cup. Foto: Stig Vågnes