Sidan april i år har Geir Leslie Bjørkelund leia arbeidet med strandrydding i heile Giske kommune.

På dagtid har han vore ansvarleg for strandryddinga som kulturkonsulent i Giske med ansvar for friluftsliv og kulturminnevern. Utanom arbeidstid har det vore strandrydding som leiar for Giske Jeger og Fiskeforening. Han har også hatt eit samarbeid med Haram kommune der ein har rydda søppel på Gjøsundholmen som er eit viktig hekkeområde for fugl.

150 personar i sving

I Giske kommune har dei samla sju-åtte 1.000 liters sekkar med søppel. Pluss to fulle nett.

I tillegg samla dei 1,6 tonn søppel på Erkna. For å kome dit brukte dei helikopter. Bjørkelund fortel at mange personar har vore i sving med oppryddingsarbeidet.

– Vi har hatt rundt 150 engasjerte folk med på tiltaket; skuleklassar, idrettslag og friviljuge vaksne.

Flott innsats

Ein må berre takke for det store og flotte engasjementet dei som har samla søppel har vist i år.

Det har vore mange organiserte i arbeidet, men også folk utanfor som har teke med seg søppel frå turar dei har gått, fortel Bjørkelund.

Verneområde

– Oppdraget var primært å rydde i verneområde. Vi har ein haug med verneområde i Giske kommune.

Vi har rydda overalt i verneområde og litt utanfor. Vi delte kommunen opp i forskjellige soner. Siste jobben var på Erkna. Her måtte vi ta i bruk helikopter. Det blei også brukt helikopter til Gjøsundholmen. No er vi ferdige for i år.

Mykje plast

– Kva for type søppel fann de?

– Alt mogeleg. Veldig mykje plast. Grovt rekna var rundt 85 prosent av plast. Så det blei store haugar med søppel. Mykje volum blei samla og sendt til Bingsa.

– Har du vore med på slik opprydding tidlegare?

– Ikkje anna enn Rusken-aksjonar.

– Var du overraska over omfanget?

Mikroplast

Mykje er mikroplast som er vanskeleg å få opp. Her er det viktig å begynne oppryddingsarbeidet tidleg. Om sommaren ser du ikkje plasten, fordi den er nedgrodd.

Bjørkelund seier landskampanjen ikkje er godt nok planlagt.