Russebilen Vodkara 2015 ved Ålesund vidaregåande skule har den drygaste russelåta på Sunnmøre. Songen, med same namn som russebilen, er laga av «Shades og Vodka» produsent og DJ Are Lykke, også russ, ved Spjelkavik VGS.

Kva meiner du om russelåtane ? Bruk kommentarfeltet under

I teksten syng dei følgande: «Vodkara, døtter deg opp med fet bil som drar bra. Jentene blir pult bakfra, ekke nokke tvil at klikken vår tar av. Spritflaska e større enn Sahara. Knuse trynet ditt om du e en som tar avstand. Bunnen opp, assen ned, i rett posisjon så e kan blaste de.»

– Av alle russelåtane som har blitt laga her på Sunnmøre, er det einaste vår som er litt meir «vill», seier Vegard Gjørvad, ein av Vodkarane.

– Uskyldig meint

– Kva trur de andre, spesielt jenter og kvinner, tenker når dei høyrer dette?

– Vi reknar med at eldre folk som ikkje er russ ville bli brydde, men det er uskyldig meint frå vår side. Vi er alle med på kampanjen mot valdtekt, og vi respekterer alle jenter og er aldri slemme med dei. Vi tenkte berre at vi ville ha det gøy og møte masse fine jenter. Derfor kjøpte vi songen. Ein versjon med og ein utan tekst, seier Vegard.

Han fortel at dei sette seg ned med produsenten Are Lykke i låtskrivinga, men at det var han som stod for sjølve orda i teksten.

– Vi hadde tenkt å lage teksten sjølv, og då hadde den sikkert ikkje blitt så dryg som den er no. Men vi synest ikkje det er så altfor gale heller, seier Vegard.

– Russen skal vere ekstrem

Skriv russelåtar: Alf Capodanno og Are Lykke.

Mannen bak «Vodkara» er Are Lykke (19). Han og vennen Alf Capodanno utgjer produsentduoen «Shades og Vodka», men det er Are som står bak årets russelåtar. Han er sjølv russ på Spjelkavik vidaregåande skule, på russebilen Zouka.

Are har laga russelåtar i to år, og vil halde fram med å lage musikk etter vidaregåande.

– Synest du ikkje det blir litt vel drygt når ein seier «jentene blir pult bakfra», og «bunnen opp, assen ned, i rett posisjon så e kan blaste de»?

– Jo det er det, den er ganske grisete, men det er berre for å provosere. Det er ingen oppfordring om å valdta kvinner akkurat. Eg synest ikkje det er noko stort problem. Det er jo berre på tull, russen skal vere morosam og litt ekstrem, seier Lykke.

– Men songen er jo med på å omtale kvinner som noko som berre skal brukast, korleis trur du det er for kvinner å høyre dette?

– Dei som ikkje vil, treng ikkje å høyre på. Objektivisering av kvinner er overalt, viss det er eit problem så kan det godt hende dei har rett, men då er det popmusikken ein må sjå til. Sjå berre på dei store stjernene som Nicky Minaj og Iggy Azalea som vi har vokst opp med. Det kan godt hende at popmusikken i dag er på heilt feil spor i forhold til likestilling, men eg trur ikkje songen min er hovudproblemet, seier 19-åringen.

– Ein del gutar bør skjerpe seg

Men hvis ikkje songar som dette er ein del av problemet, kva er det då?

– Problemet slik eg ser det er at ein god del guttar burde skjerpe seg grundig både med tanke på haldningar og inntak av alkohol.

– Kjem du til å skrive fleire slike songar?

– Det kjem heilt an på kva kunden ønsker, seier han.

– Tener du godt på å lage russelåtar?

– Eg har tent litt, men det er ikkje nok til å leve av endå. Eg er ikkje i nærheita av det Martin Tungevaag tener, men han skriv jo til store russebussar på austlandet som har mykje større budsjett. Eg kjem til å satse på å lage min eigen musikk, og då er det å lage russemusikk ei god trening samtidig som det gir litt ekstra inntekt.  No som eg er ferdig med vidaregåande vil eg lage musikk på fulltid, seier 19-åringen.

Høyr russelåtane som Shades og Vodka har laga til russebilane på Sunnmøre her (ekstern lenke)

Kva meiner du om russelåtane ? Bruk kommentarfeltet under