– Vi trudde kanskje at det berre forsvann, seier Støbakk.

– No sit det mange med omtrent like dårleg samvit som meg, dei som er i min alder, seier den tidlegare fiskeskipparen på Vigra.

Som styreleiar i Surofi bekjente han sine synder då dei hadde årsmøte denne veka. Fiskeribladet Fiskaren skreiv om det først.

– At det er generasjonen etter oss som må rydde opp, er trist å tenke på, seier Støbakk til Sunnmørsposten.

Han fryktar for at den forureininga som har samla seg på kysten ikkje berre er øydeleggjande for miljøet, men også rammar den merkevarebygginga av kvalitetsfisk frå Møre og Romsdal som Surofi er ein pådrivar for, skriv Fiskeribladet.

Han var på fiskebåt til 2003. Linebåt. På kvar tur hadde dei med seg 1.000 pakkar agn pakka inn i plast og papp. Det var sju-åtte turar i året.

– Det vart alvorleg mykje plast. Vi heiv det over bord. Var det ein hanske som var utsliten, som heiv du han på havet, fortel Støbakk då Sunnmørsposten møter han heime på Vigra.

– Og mista vi garn eller line, hadde vi ikkje dei same instrumenta til å plukke det opp att.

Men det hende også at han byrja å tenke.

– Det hende at vi fekk fisk med plast i magesekken, som bitar av plastflasker. Det er klart, det gjorde inntrykk, dei fiskane vi fekk med dette søppelet i.

Så byrja det å skje noko. To-tre år før han slutta som aktiv fiskar, rundt år 2000, byrja haldningane å endre seg, minnest han.

– Gjer du noko i dag for å forsøke å bøte på skaden?