Tirsdag samlast dronemiljøet og luftfartsfolk til konferansar i Bodø. Då skal Sykkylven-bedrifta Griff Aviation samstundes lansere si første såkalla industrielle drone for sal. Dagleg leiar Leif Johan Holand i selskapet gler seg til å vise fram resultatet av arbeidet dei har gjort sidan starten i 2015.

– Vi er no ferdige med fasen der vi har utvikla prototype og testa den på alle moglege vis. No er vi klare for produksjon og sal, seier Holand til Sunnmørsposten.

Aluminium: Dronen er bygd i aluminium, og ein av fordelane er at den kan foldast saman. Før dronen er klar for bruk, får den montert åtte propellar på kring ein meter kvar. Foto: Griff Aviation

– Godkjend som flyfabrikk

Enkelt forklart kan ein seie at ei industriell drone er ein mellomting mellom eit helikopter og dei små dronane dei fleste etter kvart er kjende med. Det betyr at både dimensjonane og løftekapasiteten er langt større enn på «vanlege» dronar. «Griff 135» som nyskapinga er kalla, målar 226 gangar 241 centimeter og kan løfte 75 kilo.

– Det gjer at den kjem innunder reglane til Luftfartstilsynet. Vi blir difor sertifisert som flyfabrikk – den einaste i landet, ifølgje Holand.

Nyleg fekk selskapet ein million kronar i støtte frå britiske Defence Science and Technology Laboratory (Dstl), og dei skal no presentere ein «militærversjon» i London. I tillegg vil selskapet om kort tid truleg også kunne gjere offentleg ein større avtale med eit asiatisk land som ønskjer å ta i bruk dronar frå Sykkylven til å levere ut pakkar.

Fleire arbeidsplassar

Alt av design og utvikling skjer i Sykkylven, medan dei kjøper inn delar som motorar og propellar.

Ni av dei 14 tilsette i Griff Aviation i dag, har arbeidet sitt lokalt i Sykkylven. Når produksjonen kjem i gong for alvor, vil dei trenge fleire tilsette og det er planar om å utvide med ein avdeling i Bardufoss for testing.

– Vi reknar med å doble arbeidsstokken. I Sykkylven vil vi lage dronane og få dei til å virke, også kan vi prøve dei ut under alle moglege typar vêr der oppe i nord, fortel han.

Krav om store lukka område for testing er noko av grunnen til at dei har sett seg ut Bardufoss som testlokalitet.

Stor: Den velvaksne dronen med namnet Griff 135, måler 226 x 241 centimeter. Foto: Griff Aviation

– Fantastisk artig

Holand frå Ålesund er for mange kjend som gründer av Fuglefjellet og Air Magic, som har vore involvert i store film- og tv-produksjonar ved bruk av helikopter. Saman med partnaren Jan Martin Nysæter frå Sykkylven, har han med Griff Aviation vore gjennom det som må seiast å vore ei reise i høgt tempo frå idé, via utvikling av prototype og til det som no blir ei produksjonsline for dei velvaksne dronane ved Vikøyra i Sykkylven.

– Det har vore fantastisk artig å oppleve at ting fungerer slik vi har håpt. Men det også vore nervepirrande å teste eit produkt i lufta som vi har brukt mange millionar på å utvikle, seier han.

Den viktigaste økonomiske støttespelaren er ein privat investor i Rogaland, men Holand er også full av lovord om støtta frå Sykkylven næringsutvikling.

Fleire bruksområde

Droneindustrien står framfor ei rivande utvikling, men førebels manglar ein regelverk for å fly slike typar dronar – til dømes over tettbygd strøk. Leif Johan Holand er overtydd om at det snart kjem på plass og peiker på ulike bruksområde.

– Ein meiner potensialet er størst innan landbruk og kraftindustri, men også det offentlege og maritim næring. Ved å nytte dronar på skipa som gjer vedlikehald på vindmøller til havs, kan ein til dømes redusere utslepp av drivstoff betydeleg, seier Holand.

Levering av ferske matvarer – ikkje minst fisk – skal vere eit anna høgaktuelt bruksområde.

– Vi seier litt på spøk at i framtida vil det ikkje vere privat jetfly som er tingen, men private dronar. Men det er framleis nokre år til bemanna dronar blir godkjende. Per i dag konsentrerer vi oss om det industrielle, påpeiker Holand.