Vallokalet ved Gursken oppvekstsenter i Sande opna klokka tolv måndag og i løpet av kort tid hadde det vore ein jamn straum med folk som ville stemme.

–Eg stemde nei, fortel Inger-Lise H.H. Gjerde frå Haugsbygda.

Fryktar å bli utkant

Nei til samanslåing med andre kommunar stemde ho også sist det var folkerøysting. Den gong var det Runde kommune som var alternativet.

–Vi er best tent med å vere ein kommune som vi er i dag. Om vi blir slått saman med ein større kommune, blir vi ein utkant, meiner Gjerde.

(Teksten held fram under bildet)

Gjerde trur sandsokningane er delte i synet på samanslåing.

– Men uansett om det skulle bli nei-fleirtal, blir vi nok prakka på samanslåing, fryktar Gjerde og legg til at det viser seg at medbestemmingsretten som det var sagt ein skulle ha, ikkje er så stor likevel.

Stemde ja

Hallbjørg og Sigbjørn Rødseth hadde også teke turen for å seie meininga si.

– Vi stemde ja til samanslåing, fortel dei.

– Eg meiner vi kunne ha slått saman alle fire kommunane her, og det blir det nok med tid og stunder også, trur Hallbjørg Rødseth.

(Teksten held fram under bildet)

Lite engasjement på førehand

Lokalavisa Vestlandsnytt hadde før helga ei førehandssak på folkerøystinga. På leiarplass skreiv dei at det er brukt mykje tid og ressursar på samanslåing, men det er eitt problem: Folk bryr seg ikkje.

Engasjementet før avstemming for Runde kommune var langt høgare. Folkemøte om det som er blitt kalla Havøy kommune har hatt lite deltaking, og fleirtalet av dei som møtte opp på folkemøte på Larsnes var over 70 år.

Fryktar blåmåndag

Avisa fryktar at folkerøystinga skal ende i blåmåndag, men oppmodar folk om å møte opp på folkerøystinga.

Ifølgje Vestlandsnytt er det fleirtal i kommunestyret i Sande for samanslåing. I Herøy er fleire av gruppeleiarane lunkne til samanslåing.

Politikarane håpar på eit tydeleg råd frå innbyggjarane, og måndag kveld kjem svaret.

Spent på valdeltakinga

I vallokalet i Gursken er valstyret spent på deltakinga denne gongen.

– Vi har hatt jamn straum så langt og ventar mest i fire-tida når folk er ferdige på jobb, seier Roger Hauge og fortel at valdeltakinga sist gong var under 50 prosent i denne krinsen.

Gursken oppvekstsenter er eitt av vallokala i Sande. Foto: Anne-Mari Tomasgard