Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Dei legg til at gjennom heile romjula har det vore ei auka tilstrøyming av pasientar. Både covid, influensa og RS-virus har gjort at sjukehusa er pressa på kapasitet.

I tillegg har desse sjukehusa eit større tal ferdigbehandla pasientar som ventar på å bli tatt imot i kommunen.

Tettare oppfølging

– No på nyåret går også planlagd verksemd som normalt, som ytterlegare forsterkar utfordringane. Ein auke i beredskapen betyr at vi i leiarlinja har ei tettare oppfølging av situasjonen, som gjer oss i stand til å raskt setje i verk tiltak om det blir behov for det, seier fagdirektør Erik Solligård.

Han legg til at for pasientane inneber beredskapen inga endring, og dei skal møte som normalt til sine avtalte timar.

Avgrens besøk

– Men vi oppmodar pårørande til å i størst mogleg grad avgrense besøk som ikkje er nødvendige på sjukehuset, då dette aukar risikoen for ytterlegare smitte. Unntak er besøk til kritisk sjuke eller døyande pasientar, samt partnar til fødande, seier fagdirektør Erik Solligård i Helse Møre og Romsdal.