Det var 12. desember i fjor at Ålesund kommune melde at dei måtte stenge legevakta på Sjøholt. Årsaka var at det var for få legar til å drifte på ein måte som samsvarte med arbeidsmiljølova. Den gongen meldte kommuneoverlege Alexander Wiig at to legar skulle kome tilbake frå permisjon i mars, og at då skulle det vere håp for å opne igjen.

No har ting gått etter planen. Dei to legane er klare for arbeid igjen. I tillegg har legane fått nye arbeidsvilkår, som gjer at alle partar er fornøgde, ifølge Wiig.

– Alle ser lyst på å halde ein stabil teneste på Sjøholt, seier han.

Helgeope

Frå fredag 3. mars opnar det igjen, men berre i helgene. Det betyr at opningstidene på Sjøholt blir fredagar klokka 18 til 21, og laurdagar og søndagar klokka 12 til 20.

– Vi har diskutert moglegheita for å forsøke heile veka, men då er vi tilbake i den risikosporten der vi måtte stenge på kort varsel på grunn av sjukdom og sånn, seier Wiig vidare.

Eitt av problema som gjorde at dei valde å stenge legevakta i desember var at dei stadig måtte stenge på kort varsel på grunn av sjukdom blant dei tilsette. Det vil kommunen prøve å unngå no.

– Ring først

Vidare oppmodar han folk til å ringe før dei eventuelt kjem til legevakta. Nummeret er 116 117.

– Det gjer at vi får vurdert på riktig måte, og at ein slepp unødvendig venting, seier han. Ved akutte tilfelle skal ein sjølvsagt ringe etter ambulanse på 113.

Kommunen er framleis på leiting etter fleire legar, slik at dei eventuelt kan halde ope fleire dagar i veka i framtida. Wiig håpar nye arbeidsvilkår, som til dømes fastløn, vil gjere det enklare å rekruttere fleire.

– No blir det fredag, laurdag og søndag fram til sommaren. Då tar vi ei ny vurdering med håp om å auke til resten av veka også, avsluttar Wiig.