Av: Sofie Svanes Flem
Kokevarsel for Steinsvika vassverk
Alle abonnentar tilknytt vassverket må koke alt vatn som skal drikkast, melder Volda kommune torsdag kveld.
– Det er oppdaga Intestinale enterokokker ved Steinsvika vassverk ved ein rutineprøve. Alle abonnentar tilknytt vassverket må koke alt vatn som skal drikkast. Kokevarslet gjeld til ny beskjed vert sendt ut.
Entestinale enterokokker er ein type bakterie som finst i tarminnhald frå menneske og dyr. Funn av desse bakteriane i ei vassprøve er eit klart teikn på forureining frå avføring i drikkevatnet.