Av: Sunniva Bøthun

Frigir namn på sakna kvinne i Nordfjordeid

Politiet gjekk søndag kveld ut med namnet på kvinna som vart meldt sakna i Eidsfjorden i Nordfjord laurdag. Det er 20 år gamle Lieve Deckers som er busett i Nordfjordeid. Søket vil halde fram måndag morgon og kvinna er antatt omkomen. Namnet er frigitt i samråd med pårørande.

Ein omfattande redningsaksjon blei sett i gang i Eidsfjorden i Stad kommune laurdag ettermiddag etter kvinna.

– Naudetatar og redningshelikopter frå Florø er på veg etter observasjon av ein person som sym utover i fjorden. Det blir oppfatta som at personen har behov for hjelp, opplyste Vest politidistrikt på Twitter klokka 13.45. Personen skal ha gått ut frå stranda i Sagaparken på Nordfjordeid.

Til NRK Vestland fortalde operasjonsleiar Jørgen Ommedal i politiet at det var det ein forbipasserande som såg at ein person kledde av seg og sumde utover.

Politiet ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare før etter klokka ni måndag. Pårørande vert følgt opp av kommunalt psykososialt team i Stad kommune.

Siste nytt