Det var mykje barn og unge til stades då det skjedde ei drukningsulykke i Rotevatnet i Volda onsdag. Kommunen ber foreldre om å snakke med barna etter ulykka.

– Mange er råka av hendinga. Vi oppmodar foreldre eller andre føresette om å vere saman med sine og gje anledning til at dei kan snakke om korleis dei har opplevd dette, skriv Volda kommune i ei pressemelding.

Kommunen har aktivert si kriseomsorgsgruppe.

– Gruppa arbeider i kveld med å vareta dei næraste pårørande og vil kome med meir informasjon om tilbod for oppfølging av andre involverte i morgon formiddag, skriv kommunen i meldinga.