Ifølgje Fiskeridirektoratet har det opp gjennom tidene vore lange tradisjonar for å fiske hummar fram mot 17. mai.

Det er ikkje tillate lenger, men likevel er det nokre som ikkje følger lova. Hummaren er nemleg freda fram til 1. oktober.

Kystvakta, Statens naturoppsyn og Fiskeridirektoratet region Midt gjennomførte i går og i dag ein samarbeidskontroll der reiskap i sjøen og småbåthamner vart kontrollert.

Kontrollen vart gjennomført i fjordane rundt Ålesund og i nærliggande kommunar.

– Kontrollen har avdekt fleire regelbrot som for små fluktopningar i teinene og manglande merking av reiskapen. Vi har også kome over fleire samleteiner med hummar i, mellom anna i Skodje-området. Hummaren er som sagt freda, så dette ser vi på som alvorleg miljøkriminalitet. Kontrollen held på framleis, og så langt så er det tatt beslag i 25 teiner. Forholda vil bli meldt til politiet, opplyse Karl Anton Lorgen, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet til Sunnmørsposten fredag.