– Vi merkar større pågang enn før, seier Frode Briksdal i Briksdal adventure.

Det trass i at Briksdalsbreen nærmast har smelta vekk. Padling i vatnet under breen, teambuildning og brevandring på Strynefjellet er tilbod turistar frå inn- og utland omfamnar.

Naturguiding er ei næring i vekst. Behovet for fleire guidar er såpass stort at Høgskulen i Volda  fekk nytt naturguide-studium i 2015. Einar Løken, tindevegleder i Bre og fjell meiner vi berre har sett starten.

– Dette er framleis ei ung næring, med mykje uforløyst potensial, trur han.

Frå cruise til kajakk Dave Tarbell får nokre gode råd. Foto: Ståle Wattø

Problematiserer bilete på sosiale medie

Reidmar Rundberg jobbar for Uteguiden si nye avdeling i Ålesund. Uteguiden ekspanderte i 2017 frå å primært ha turar i Sunnmørsalpane, til å også tilby kombinerte kajakk- og fjellturar i Ålesund.

Uteguiden etablerer seg i Ålesund

– Guidar har mykje kunnskap og har sat seg grundig inn i dei lokale forholda, seier han.

Rundberg er ein av fleire i bransjen som meiner at sosiale medie, som Instagram, har mykje av æra for at det å utfalde seg i naturen har blitt enda meir populært. Utsiktene til å høste «likes», kan vere påskjøning god som ein kvar tursjokolade.

– Men, ei einaste ulykke kan vere nok til å øydeleggje alt for et firma, ja kanskje for heile næringa påpeikar han og hever øyenbryna.

Etter dødsulykka i Muldasfossen:

Nøring vil ha guidar framfor gjerde

Familien takkar alle som hjelpte

Nøring i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre prøver å opplyse folk om at dei må ta sikkerheita på alvor.

– Bilete har stor makt. På bilete ser det enkelt ut å klive opp på fjell, det kan gjere at uerfarne personar utset seg for fare. Vi prøver å opplyse folk om at ein må ta tryggleiken på alvor, fortel ho.

Nøring meiner ein guide kjem godt med også på dei enklaste turane, for urøynde personar.

– Til dømes veit faktisk ikkje alle at røter kan vere sleipe.

Anita Nøring har sjølv brukt guide:

Guide Reidmar Rundberg seier at så lenge han får ta med folk på litt ulike turar, går han aldri lei. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

– Det gjer noko med opplevinga, meiner ho.

Ho fortel om ein guide ho hadde i eventyrskogen på Lepsøya. Guiden oppdaga ein frosk i ein bekk, og brukte den til å fortelje om økosystemet i skogen. Dette gav barna som var med mykje.

Best på natur

– Det går ikkje an å selje inn alt, så vi må fronte det vi er best på, hevdar Nøring.

Ho fortel at mange i reiselivsbransjen har jobba hardt i årevis for å sette Noreg på kartet.

(For ordens skuld: det interaktive kartet er laga på eiget initaitv av Sunnmørsposten)

– Tidlegare var det nok for turistane å køyre forbi fjelltoppen, sjå på han og seie «åh, så flott»! No vil folk opp.

Orienter deg i kartet øvst i saka for å skaffe deg oversikt over tilhøva.