– Norddal kommunestyre vil på det mest bestemte gå imot at bygdene Norddal og Eidsdal vert skilte frå Norddal og flytta over til Stranda kommune gjennom ei deling eller grensejustering.

29 prosent av folketalet

Dei to bygdelaga har søkt om ei grensejustering, medan kommunestyret meiner det er ei deling fordi 29 prosent av kommunen sitt folketal bur i nettopp desse to bygdene.

Kommunane Norddal og Stordal har vedteke å slå seg saman i Fjord kommune, ei samanslåing som er godkjend av Stortinget.

Telemarksforsking har karakterisert Fjord kommune som ei av dei mest lønsame kommunesamanslåingane.

Kommunestyret i Norddal fryktar at heile samanslåinga kan bli torpedert.

Men bekymringane til politikarane i Norddal blir totalt avvist av arbeidsgruppa for grensejustering for bygdene Eidsdal og Norddal.

For også dei har sendt ein høyringsuttale til Fylkesmannen.

– Innbyggjarane i Norddal og Eidsdal har i ei folkeavrøysting sagt klart ifrå om at dei vil flyttast over til Stranda, skriv arbeidsgruppa, og viser til at 57 prosent av dei spurde svarte at dei vile til Stranda.

Grunnar for flytting

Hovudargumenta er også tydelege: Det er ei naturleg geografisk eining mellom Geiranger i Stranda, og Norddal og Eidsdal i Norddal kommune. Det er like og supplerande næringar i desse bygdene. Det er allereie eit tett samarbeid som kan utviklast. I Norddal og Eidsdal er det svært svak tillit til demokratiet i Norddal kommune.

I kommunestyret sitt høyringsfråsegn blir det peika på at dersom dei to bygdene skal flyttast over til Stranda, vil bygdefolket måtte krysse to fjordar, mot ein i dag, for å kome til kommunesenteret.

Dette ser ikkje arbeidsgruppa i dei to bygdene på som noko problem:

Ordførar Arne Sandnes (Sp) og resten av kommunestyret åtvarar mot det dei oppfattar som ei oppdeling av Norddal kommune. Foto: Terje Engås