I år er fiskerimessa i Trondheim rekordstor, og det har vore venteliste for å få utstillingsplass sidan februar. Ein av dei faste gjestane er stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik frå Ålesund.

– Dette er ein fantastisk viktig stad å vere på. Her kan fiskeribransjen i Møre og Romsdal verkeleg få vise sitt unike mangfald. Vårt fylke er ikkje berre leiande i Norge, vi er leiande internasjonalt, seier Nesvik.

Alt dette vil han presentere også på heimebane, på ein måte som ikkje konkurrerer med Nor-Fishing.

– Annakvart år er det havbruksmesse. I desse åra kunne vi kanskje skapt ein arena heime, der vi fekk vist fram kva vi er gode for, seier Nesvik.

I år er det 550 utstillarar på Nor-Fishing. Ein stor del av desse er heimehøyrande i Møre og Romsdal.

– Det er over 100 utstillarar frå Møre og Romsdal på messa. Så det er ikkje tvil om kven som er det største fiskerifylket i Norge, seier fylkesordførar Jon Aasen.Han er frontfigur for den felles Møre og Romsdal-standen, der fylkeskommunen legg til rette for at mindre aktørar får ein plass å presentere seg. For dei store har sine eigne standar.

Optimisme

Den første dagen av messa var prega av mange blide fjes. Det skuldast ikkje berre det fine vêret.

– Eg trur eg aldri har opplevd så god stemning på fiskerimessa. Du skal leite veldig lenge etter folk med nedovermunn. Her smiler dei heile vegen til banken, seier Jon Aasen.

Mellom dei som har tatt turen til Nor-Fishing er søskena Ruben, Tonje og Trond Olav Dyb frå Godøya. To av dei er skipperar på den familieeigde linebåten «Loran». Den tredje, søstera Tonje, held på å utdanne seg same vegen. Dei er i Trondheim for å sjå og lære.

– Det er viktig å bli kjend med dei andre som er i same bransjen, seier Tonje Dyb.

– Og så må vi følge med på utviklinga når det gjeld utstyr, seier Trond Olav Dyb.

Det er også mange seminar under messa.

– Eg har tenkt meg på eit seminar om bruk av heile fisken, seier Ruben Dyb. Dette er eit tema som går igjen på fleire av arrangementa.

– Korleis vert det prega av at det går godt innan bransjen?

– Det er gode tider, men vi er framleis nøkterne. For vi veit at det svingar, seier Trond Olav Dyb.

Sjampis

Det kjem nok til å bli spretta ein del sjampanjeflasker i løpet av messedagane. Mustad er mellom selskapa som kunne feire alt første dagen. Utstyrsleverandøren nytta høvet til å kunngjere ein rekordkontrakt med linebåtrederiet Ervik Havfiske på Stadlandet.

– Dette er vår største einskildkontrakt nokon gong, seier styreleiar Hans Mustad i Mustad AS.

Men han vil ikkje seie kva det er snakk om i kroner og øre.

– Ervik Havfiske har vore ein trufast kunde. Det er det største linebåtrederiet i verda, og det er mange som følger med på kva dei gjer, seier Mustad.

Ervik Havfiske byggjer ein ny «Nordic Prince» og ein ny «Argos Georgia».

– Lineanlegget er det viktigaste vi har om bord. Dersom ikkje det funkar, so kan du ha så fin messe som du berre vil, seier Stig Ervik i Ervik Havfiske.

Dei to lineanlegga har ein kapasitet på 60.000 krokar kvar, og har mellom anna hydraulisk lagringssystem. Mustad håper no på fleire nybygg i lineflåten.

– I fjor kom den nye «Leinebris» og snart no Ervik med to nye autolinebåtar. Eg trur det er fleire på gang, seier styreleiar Hans Mustad i Mustad AS.

Sjampisen er spretta på Mustad sin stand. Frå venstre: Reiarane Kjell Magne Ervik og Stig Ervik, deretter Hans Mustad, Anders Frisinger og Svein Erik Bakke i Mustad.