Det vart ein brå start på dagen for brøytebilsjåfør Lars Ivar Moldskred fredag. Han var ute og brøyta på fylkesveg 5868 mellom Gursken og Stokksund, og i Ryssevika gjekk det gale. Der hamna brøytebilen han køyrde i grøfta – og stoppa berre centimeter frå ein fjellvegg.

– Det gjekk heldigvis bra med både meg og utstyret, seier Moldskred.

Men sjølv om det gjekk bra, reagerer han på at dei fleste berre køyrde forbi. Nokre få gjorde som dei skulle og fekk augekontakt og ein tommel opp på at det gjekk bra før dei køyrde vidare, men dei fleste andre drog opp mobilen for å filme.

Bilen var berre centimeter unna fjellveggen. Foto: privat

– Eg sat der ganske lenge og venta på næraste bergingsbil som kom frå Stryn. Det overraska meg kor mange som køyrde forbi og openbert tok opp telefonen og filma, seier Moldskred til Sunnmørsposten.

Det var Vikebladet Vestposten som omtalte saka først.

– Sjokkert

Opplevinga gjorde at han tok til Facebook med klar beskjed om kva han synst om oppførselen.

– Eg er litt sjokkert. Det er liksom å filme som er prioriteten til folk, seier han.

Som brøytebilsjåfør er dårlege forhold kvardagen, og det skjer med jamne mellomrom at nokon hamnar for langt ut mot kanten og endar i grøfta, fortel han.

Moldskred er driftsansvarleg i Moldskred Renovasjon, og brannmann. Tidlegare har han vore keeper for Hødd, Molde, Strømsgodset, Lillestrøm og KR Reykjavik. Foto: privat

Moldskred jobbar også som brannmann, og ser mykje av det same når han rykker ut på ulukker elles også.

– Eg forventar ikkje at alle skal stoppe, men eg forventar at ein skal prøve å få ein form for augekontakt med sjåføren og eit signal på at alt er okei. Dei som kjem køyrande veit jo ikkje om eg har fått eit anfall for eksempel, seier han, og legg til:

– Også har ein ikkje lov å bruke mobil når ein køyrer, det har vel myndigheitene vore ganske klare på.

Facebookinnlegget til Moldskred har i skrivande stund over 230 delingar og 550 reaksjonar. Du kan lese heile innlegget her: