Det har vore spekulert på om eit stadig varmare klima, også i høgfjellet, har gitt fleire snøskred. Det som er klart er at meir nedbør har gjort at det kjem meir snø i fjellet enn tidlegare, samstundes som snøgrensa kryp oppover.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om eit varmare klima har ført til fleire snøskred, men talet på ulukker har ikkje gått opp. Vi har hatt skredvarsling berre sidan 2013. Men det siste året kan vi sjå at det har vore ein liten auke i varsel med dei høgste faregradane samanlikna med dei siste fem åra, seier Engeset. Han er ansvarleg for skredvarslinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NVE er ansvarleg styresmakt for skred i Noreg.

Sunnmørsalpane er eit skredfarleg område. Biletet er teke frå Fjellseter i Sykkylven. Foto: Bent Tandstad / NPK

Vinteren 2021/2022 var det 3,1 prosent varsel med faregrad 4, mot 2,7 prosent for femårsperioden 2017–2022. For faregrad 3 var tala 29,3 i 1920-21, mot 28 prosent i femårsperioden.

– Faregrad 5 har vi berre varsla ein gong, det var for Nordland 21. april 2018, opplyser Engeset.

Rune Verpe Engeset er seksjonssjef for skredvarsling i NVE. Foto: NVE

Via mobilappen Varsom, eller nettsida varsom.no, varslar NVE om fare for snøskred i samarbeid med Meteorologisk institutt og Statens vegvesen. Det er fem faregrader. 1 er liten skredfare, 2 er moderat fare, 3 er betydeleg skredfare, 4 er stor skredfare og 5 er svært stor skredfare.

Appen har fire tenester. Den eine er kart over skredterreng. Her blir det vist terreng bratt nok til at det kan gå skred og utløpsfare. Den andre er observasjonar frå rundt 100 personar som er knytte til tenesta, og den tredje er at kven som helst av brukarane kan varsle om skred eller andre relevante observasjonar.

Den siste, men viktigaste, er varsel frå Varsom.no.

– Styrer turvala

– Eg har inntrykk av at Varsom-appen i stor grad styrer turvala til dei som går toppturar. Når det gjeld andre grupper, som dei som køyrer utanfor dei preparerte løypene i skianlegg og folk som køyrer snøskuter, så er eg meir usikker, seier han.

Engeset har inntrykk av at dei fleste erfarne toppturentusiastane har skaffa seg solid kunnskap om skredfare og kva som utløyser snøskred. Dei brukar dette til å handtere risiko i skredterreng. Dei held seg unna skredfarlege område. Men han har også ei kjensle av at det er mange nybyrjarar der ute som overlèt vel mykje til flaksen.

Det finst ikkje oversikt over kor mange som går på topptur om vinteren her i landet, berre at talet er sterkt aukande. Det er kjent at det gjennom eit år er mellom 70.000 og 90.000 overnattingsdøgn knytte til skiturisme i Lyngen i Troms.

Salet av toppturutstyr, også kalla randonee-utstyr, har skote i vêret dei siste åra. Foto: Bent Tandstad / NPK

Så kjem resten av landet i tillegg.

– Tidlegare var topptur på ski noko folk gjorde i påska og etter påske, når snøen hadde stabilisert seg. No ser vi at folk går på topptur så fort snøen legg seg i fjellet og held på så lenge det er snø. Og det er ingen tvil om at det er langt fleire som går toppturar i dag enn for berre nokre år sidan, seier Rune Verpe Engeset.

To forskingsprosjekt

Han kan fortelje at NVE har sett i verk to forskingsprosjekt. Det eine for å finne ut om det varmare klimaet har ført til auka skredfare og fleire snøskred. Det andre prosjektet er å prøve å få oversikt over kor mange som går på topptur gjennom ein vinter. Dette er i samarbeid med Universitetet i Tromsø/Care. Han håpar at dei kan publisere dei første resultata i 2023 og 2024.

Administrerande direktør Trond Evald Hansen i Norsk Sportsbransjeforening har tidlegare opplyst til NPK at salet av toppturutstyr, også kalla randonee-utstyr, har auka jamt dei siste åra. I 2020 låg det på 18 prosent av totalt rundt 100.000 selde par i gruppa alpinski. Til samanlikning var det talet 13 prosent i 2016–2017 og 15 prosent året etter.

Snøskredvarsla har faregrad frå 1 til 5. Her er ei oversikt over 1 til 4. Henta frå Varsom.no

Haaken Christensen, fagansvarleg for naturbasert reiseliv i Innovasjon Noreg, opplyste i fjor at det er rundt 3.000 verksemder her i landet som driv med naturbasert reiseliv. Han fortalde til NPK i mai i fjor at dei har merka ein kraftig auke i interessa for toppturturisme.

I romjula 2022 gjekk NVE og Varsom ut med åtvaring om at det var svært lett å løyse ut snøskred, og rådet var klart. Unngå skredterreng dei neste dagane. Det vart meldt om fleire snøskred som var løyst ut av skiløparar i Sør-Noreg, det skjedde både ved Gaustatoppen i Telemark og Lemonsjøen i Innlandet.

På veg mot toppen av Langfjella i Sykkylven. Foto: Bent Tandstad / NPK

Stor skredfare

Og det er framleis stor skredfare i fjellet. I Varsom-appen vart det 6. januar meldt om betydeleg skredfare i Indre Fjordane, Hallingdal, Hardanger, Vest-Telemark, Jotunheimen, Indre Sogn, Nord-Troms, Lyngen, Troms og Voss. På Sunnmøre, i Romsdal og i Trollheimen og Lofoten er det faregrad 2, altså moderat fare for skred.

Varsom-appen hadde 91.000 unike brukarar i 2022. No på vinteren er det i overkant av 3.000 brukarar av appen dagleg, medan nettstaden Varsom.no har langt fleire besøk. Her er det også isvarsel og flaum- og jordskredvarsel.

Mannskap frå Røde Kors under ei øving på Finsefjellet i 2019. Dette var den største skredøvinga i Noreg nokon gong. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Det blir varsla kvar dag for 24 regionar. Normalt vil faregrad 4 og 5 føre til beredskap, fordi det då ofte kan kome skred som losnar av seg sjølv. Faregrad 1 til 3 er mest relevant for ferdsel, fordi ved faregrad 4 og 5 blir det tilrådd å unngå alt skredterreng.

Ved faregrad 1 til 3 er det som oftast ulukker med folk som sjølve løyse ut skreda.

Varsom.no har ein omfattande statistikk over omkomne og skadde i snøskred her i landet sidan vinteren 2008–2009.

(©NPK)

Varsom-appen er viktig for skredvarslinga her i landet.