Ideen fekk Kai då han såg Champions League-finale i Oslo saman med Nickolas, sonen sin.

– Før kampen såg vi eit hustak der det stod LFC, og vi vart raskt einige om at sånn måtte vi ha, seier Kai Otneim, som sjølvsagt synest taket er kult.

Han er sjølvsagt også Liverpool-supporter, og har vore det sidan 80-talet.

– Og så måla vi det litt for å provosere Manchester United-supporterane, ler Kai.

I nabohuset bur Petter Leikanger. Manchester United-supporter.

Trua med å måle over

– Min næraste nabo synest nok ikkje det er så vakkert. Han har ledd mange gongar og trua med å måle over bokstavane ei mørk natt, ler Kai.

Leikanger seier rivaliseringa mellom dei som heiar på Liverpool og Manchester United går litt begge vegar. Han trur at kva lag ein heiar på går i arv gjennom generasjonar.

– Taket til Kai er ikkje så gale, men det er klart det hadde vore finare dersom det stod ManU.

– Har du planar om å måle ManU på taket ditt?

– Nei, det har eg ikkje planar om, smiler Leikanger.

Kai sjølv er litt usikker på kva folk i bygda synest om taket.

– Enten likar du det eller så likar du det ikkje. Kanskje synest nokon at det er stilig og nokon forferdeleg? Og andre igjen synest kanskje også at det er litt barnsleg. Men det gjer ingenting! Det har i alle fall blitt eit litt kjent landemerke på eit vis, seier han.

Kai høyrer også at mange forklarer kor dei bur utifrå fotballhustaket.

– Eg høyrer mange som seier: «Eg bur på vegen forbi huset med LFC på taket og liknande.

Eit bilete av taket vart lagt ut på Liverpool si nettside av nokon som hadde tatt bilde av det, og det fekk fleire hundre tusen likes på ei vekes tid.

Det viser at det er fleire enn Kai som er barnslege her i verda.

Hustaket er godt synleg i bygda. Foto: Sebastian Borgundvåg Otneim

– Eg sa ja, etter ei mengde med nei

Så er det gjerne slik, at ein er to om ting i ein familie. Janne Borgundvåg, som er kona til Kai, var ikkje like positiv i starten.

– Eg sa ja, etter ei mengde med nei. Eg fekk fyrst presentert ideen forsiktig med ei skisse av taket og bokstavane LFC. Eg sa momentant nei. Veka etter kom teikninga fram igjen, og så veka etter der og etter der igjen … Til slutt svarte eg vel noko som: “Om det er det du har mest lyst til her i verda, ja, så ver så god!”

Før kona visste ordet av det høyrde ho ytterdøra smekke igjen

– Eg gjekk ut. Og ute fann eg Kai, Nickolas og Sebastian sitte på taket og måle. Då måtte eg faktisk le, fortel ho med latter i stemma.

Sebastian har sjølv vore med å måle taket som faren ønskte seg så sterkt. Foto: Sebastian Borgundvåg Otneim

For Janne er det no blitt ein vane, sjølv om ho i starten synest taket var litt «harry».

– Det morosamste er eigentleg at eg kan sitte i hagen og sole meg, og høyre både syklistar og bilistar bråstanse for å snu og ta bilete av taket, seier ho.