Politiet skriv følgjande i ei pressemelding fredag 22. april:

– Varselet om skredet ved Grøtdalstinden i Bondalen i Ørsta kom klokka 16:14, onsdag 6. april. Her hadde fire menn nådd toppen av tinden. Den fyrste som starta på nedturen vart teken av skred. Den skredtekne vart graven fram av turfølgjet sitt. Mannen (30) vart frakta ut med helikopter til Ålesund sjukehus, og då var situasjonen kritisk. Frå St. Olavs hospital har politiet fått opplyst at mannen døde seinare som følgje av skadane han fekk. Han var svensk statsborgar. Pårørande er varsla.

Personen som vart teken av skredet vart lokalisert med hjelp av sendar- og mottakarutstyr. Det var kameratane som grov kameraten fram frå skredet. Det vart gjort hjarte- og lungeredning på staden.

Kameratane varsla også politiet og redningstenesta, og det var eit redningshelikopter frå Florø som kom til staden. Den skadde personen vart løfta direkte frå skredet og opp i helikopteret. Derifrå vart han frakta til Ålesund sjukehus.