Av: Terje Engås

Fylkeskulturprisen til mannskor

foto
Fuglset mannskor i Molde får årets fylkeskulturpris i Møre og Romsdal. Foto: Fuglset mannskor / facebook

Fuglset mannskor i Molde er tildelt Møre og Romsdal sin fylkeskulturpris for 2020. Prisen er ein sjekk på 50.000 kroner og eit diplom.

– Fuglset mannskor har spreidd mykje glede over fleire år og der koraktiviteten har falt i heile Norge, har Fuglset mannskor prestert og sett tydelege spor. Dette vert lagt godt merke til og gjer koret til ein verdig vinnar av Fylkeskulturprisen 2020, seier leiar i kultur, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter, i ei pressemelding.

Fleire veteranar

Fuglset mannskor starta opp i 1944, opphavleg som eit lokalt kor, men har no songarar frå heile Molde og nabokommunane. Dei har om lag 40 songarar, der den eldste er 80 år og har vore med i koret i 50 år.

Koret held ei rekke konsertar kvart år. Faste konsertar lokalt er den kjente Fuglsetkveld i Molde i februar og «Haustvind» i Elnesvågen. Koret er etterspurt og har ofte oppdrag på møter, kongressar, offentlege høgtidsdagar og jubileum.

Også til utlandet

– Mannskoret gjer ein god innsats lokalt og har også vist seg fram internasjonalt. I 2014 turnerte koret Midtvesten i USA saman med dirigent Kyrre Bjørdal Sæther, medan dei i 2019 var i Praha. Vi håpar dei held fram med å spreie glede til heile befolkninga, seier Marit Nerås Krogsæter.

Prisen er tenkt delt ut på fylkestingssamlinga i desember dersom smittesituasjonen tillèt det, melder fylkeskommunen.

Siste nytt