Bent Ingebrigtsen er fastlege i Hornindal kommune og leiar for vaktlegetenesta i Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal og Stryn.

Rett før helga sende han epost til alle sine 25 kollegaer i vaktsamarbeidet med denne påstanden: «Befolkninga i Nordfjord får eit vesentleg dårlegare helsetilbod dersom akuttkirurgisk beredskap forsvinn i Volda».

– Bortimot alle av mine vaktkollegaer i Nordfjord har kvittert med at dei støttar denne påstanden, seier Ingebrigtsen til Sunnmørsposten.

(meir å lese under bildet)

Spontanaksjon: Fastlege Bent Ingebrigtsen i Hornindal er leiar for vaktlegane i fem kommunar i Nordfjord. Under fakkelaksjonen utanfor Volda sjukehus den 24. november i år heldt han appell utan for sjukehuset. No har Ingebrigtsen lodda stemninga mellom 25 legekollegaer i Nordfjord, med unison støtte til akuttfunksjonen i Volda som resultat. I dag tysdag kjem helseminister Bent Høie til Volda for å orientere om sine planar, og å late seg orientere. Arkiv

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Kunnskap

Ingebrigtsen er sjølv busett i Volda, og han har tidlegare fartstid i halvtanna år ved fødeavdelinga på Volda sjukehus. Etterpå har han vore fastlege i Volda fram til han starta i same stilling i Hornindal - etter at Kvivsvegen opna.

– Eg har sterke meiningar om kor viktig akuttkirurgien i Volda faktisk er. Det at eg bur i Volda og har vore tilsett ved sjukehuset for mange år sidan vert av meiningsmotstandarar i Nordfjord brukt imot meg i denne saka.

– Sjølv vil eg hevde at denne bakgrunnen berre styrkar min kunnskap om korleis dette verkar, seier Ingebrigtsen.

Heldt appell

Han heldt appell då det den 24. november vart arrangert fakkeltog med fleire tusen frammøtte ved Volda sjukehus.

– Eg vil på ingen måte snakke ned funksjonane til Nordfjord sjukehus. Men eg er kritisk til måten helseminister Bent Høie brukte Nordfjord som eksempelsjukehus, rett før han lanserte sin nasjonale kuttplan.

– På akuttfeltet er ikkje folk i Nordfjord tente med ikkje å ha eit akuttsjukehus nærare enn fylket sitt eige i Førde, insisterer Ingebrigtsen.

Helikoptersvikt

Legevaktsjefkollega Jan Magne Remøy i Herøy og Sande fortel at det har vore eit liknande opprop mellom legane der - og i Hareid og Ulstein i helga.

– Tilbakemeldingane er massive for å bevare akuttfunksjonen i Volda, seier Remøy.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Han viser til at det seinast sist helg var eit alvorleg akuttilfelle med påkøyrsel i Herøy: – Helikopteret i Ålesund hadde teknisk svikt og det måtte rekvirerast Sea King i staden.

– Altfor ofte ser vi at helikopter og ferjer er hindra. Vi må ha Volda klart, fordrar Remøy.

<strong>Akuttmottak:</strong> Legevaktsjef Jan Magne Remøy i Herøy og Sande hevdar at helikoptertransport er altfor usikkert til at folk kan kjenne seg trygge på å nå eit akuttsjukehus innan rimeleg tid. Arkivfoto: Knut Arne S