I eit brev til Helse Midt-Norge skriv dagleg leiar Jan Kåre Aurdal og styreleiar Anders Riise at det er uakseptabelt at delar av neonatalavdelinga i Ålesund igjen er aktuelt å sentralisere til St. Olav i Trondheim.

– I nasjonal samanheng har både St. Olav og Ålesund to relativt små neonatalseksjonar, men begge ligg heilt på topp ut ifrå data i det nasjonale kvalitetsprogrammet. Helse Midt-Norge har to gongar tidlegare vurdert kvaliteten på tilbodet i Ålesund og Trondheim utan å finne forskjellar. Kvifor vil ein då endre på eit tilbod i Ålesund som fungera godt? spør regionrådet.

Dei meiner konsekvensen av eit redusert tilbod ved sjukehuset i Ålesund kan bli at fagmiljøet smuldrar bort.

Fylkestinget protesterer mot flytting av nyfødte

Arrangerer støttetog

Svarer med musikkvideo