- Det er ein enormt stor dag i dag, ikkje berre for Hornindal, men for indre Nordfjord og heile regionen, stråla Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel og fann fram flagget på kommunehuset Smia etter at millionløyvinga over statsbudsjettet var kjend. Dei som har kjempa for Kvivsvegen gler seg over dei første 75 millionar kronene som blir løyvd på neste budsjett. Desse pengane skal gå til arbeid med vegar både på Volda-sida og Hornindal-sida av Kvivstunnelen. Men samferdsledepartementet gjer det også klart at vegen skal fullfinansierast med statlege midlar. Prosjektet er berekna å koste ein milliard og 88 millionar kroner, og det skal vere klar til bruk i 2012. - Det vil seie at dei neste tre åra vil det kome ytterlegare ein milliard kroner gjennom statsbudsjettet til Kvivsvegen. Så i dag er vi svært nøgde, seier Svein Sunde, styreleiar i Kvivsvegen AS. Det første tilbodet på arbeid blir etter planen annonsert førstkomande fredag, og ein reknar med at "første spadetak" kan takast i slutten av januar. Etter at nyheita om vegmillionane blei kjend, spanderte Kvivsvegen AS kake på mange frammøtte både på Kaldvatn og i Hornindal. På Grodås spelte spelemann Arne Sølvberg opp, medan Berit Aarøen og Ørjan Fjellkårstad frå Nordsida i Stryn dansa springar.