Skredet gjekk langt opp i terrenget ved fjellpartiet som heiter Småeggane. I følgje tilsette ved skisenteret var skredet om lag 50 meter bredt og 100-150 meter langt.

Følg smp.no på Facebook

Politi, ambulanse og mannskap frå Røde Kors vart varsla, og tilsette ved skisenteret og skiløparar gjorde raskt søk i området.

Men det vart raskt avklart at det ikkje var folk i skredet, opplyser operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er ikkje kjent korleis skredet vart utløyst, men det har falle mykje nysnø i området dei siste dagane.

I følgje nettsida varsom.no er skredfaren for Nordfjord vurdert å vere betydeleg - faregrad 3 - men truleg minkande til moderat onsdag.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no