(Møre-Nytt) Det seier assisterande direktør i Helse Møre og romsdal, Helge Ristesund.

– Sjukehuset i Ålesund er frå 1971, og det er ikkje tilrettelagt for moderne sjukehusdrift. Og sjukehuset i Volda vart bygt i 1986. I dag er det krevjande å få investert nødvendige midlar til bygningsmessige endringar for desse sjukehusa, sa Ristesund.

Han konstaterte at nokre prøver å snakke ned det nye storsjukehuset på Hjelset, noko han meiner det ikkje er grunn til.

– Det nye sjukehuset skal ha like mange senger som det i dag er på sjukehusa i Kristiansund og på Molde. Det nye sjukehuset skal ha nær alle slags funksjonar, sa Ristesund.

Saka blei først publisert på Møre-Nytt.