– Eg har kvart år halm og grasballar å selje. Alt er som vanleg tinga vekk, seier Kristian Fjørtoft i Ørskog.
– Og i år kunne eg selt mykje meir enn vanleg, seier han. Kjøparen skal vere ein gardbrukar i nærområdet.
Etter det Sunnmørsposten forstår, er det fleire gardbrukarar også på Sunnmøre som truleg får altfor lite fôr i år.
– No har eg lyst på tre veker med regn
Fjørtoft oppfordrar alle med slåttemark til å berge andre-slåtten, også om dei ikkje har behov for det sjølv.
– Denne veka ringde eg til ein som driv med hestar, og oppfordra han til å gjødsle og berge andreslåtten sjølv om han sa han ikkje treng det sjølv. For det er så mange andre som treng, fortel Fjørtoft.
«Solidaritet med tørkeramma bønder»
– Og dersom folk har areal som kunne vore slått, så hadde det vore fint om dei kunne seie frå. Det er mange som har fem eller ti mål.
– Kanskje ein kan berge ei ku på det. Ein skal i alle fall ikkje la det stå uutnytta.
– Næringsverdien er vel liten når graset ikkje har vore slått på nokre år?
– Det viktigaste i år er at ein kan få berge nok grovfôr. Lågt næringsinnhald kan ein kompensere med kraftfôr.
– Så dette er interessant også for mjølkedyr?
– Ja. Dersom alternativet er å slakte mjølkekyr, så er det viktig å få berge eitt eller anna grovfôr, understrekar Fjørtoft.
– Ekstremt krevjande, seier ministeren om fôr-mangel
– Dei som har drive med avl i mange år, og endeleg har greidd å bygge seg opp ei skikkeleg besetning, viss dei då ikkje greier å berge alle dyra, så er det ikkje bra, legg han til.
Det private initiativet forformidling.no var tidleg ute med å formidle fôr og beitemark. Felleskjøpet har oppretta ei eiga formidling av halm. Og Tine er godt i gang med å skaffe seg oversikt over situasjonen. Birgit Oline Kjerstad er tillitsvalt i Tine.
– Tine er eit samvirke med stort nettverk over heile landet. Det er mange tiltak som kan gjerast utan store økonomiske konsekvensar, understrekar Kjerstad.