For kommunane Fjord, Stranda og Stryn er det meldt ekstrem fare for flaum. Denne er no nedjustert til gult farevarsel.

Ein oversikt frå NVE viser at vassføringa i Strynsvatn nærmar seg såkalla 50-årsflaum. Oversikten viser også vassføringa i Valldøla og den eine av elvane ned mot Hellesylt.

Måndag kveld er vassføringa i Strynsvatn ikkje langt unna såkalla 50-årsflaum (raudt nivå). Graf: NVE

Snøsmelting og styrtregn

Det er stor vassføring i mange bekkar og elvar frå fjellområda i Sør-Norge. Lokalt kan det også kome styrtregn. Det kan bli omfattande overfløymingar, erosjonsskadar og flaumskadar på hus og infrastruktur, og vegar kan bli stengt, melder NVE.

Varselet gjeld frå måndag kveld til onsdag, seier beredskapskoordinator Inge Teigen i Stranda.

– Hos oss er det elvane inne i Geiranger og begge elvane på Hellesylt, kanskje også Strandaelva, seier Teigen.

I Fjord er det hovudsakleg Valldøla som kan få flaum.

– Vi følgjer med. Og dersom folk observerer noko, ring kommunen på teknisk vakttelefon, seier kommunedirektør Karl Andre Birkhol.

Det er anbefalt å sikre og flytte verdiar, reinse stikkrenner, og å halde seg unna elvar og bekkar med stor vassføring.

Raudt farevarsel er det også for kommunane Rauma, Molde og Sunndal.