Det er viktig å halde kostnadene på vegprosjekt nede, sa Solvik-Olsen fleire gonger til dei rundt 30 frammøtte på ID-huset.Det gjorde det lett for delegasjonen frå Romsdal å utfordra ministeren, og det gjorde dei gjentatte gonger. Er det ikkje på tide å revurdere Møreaksen, lurte dei på.

– Romsdalsaksen vil koste halvparten av Møreaksen, sa  Jørn Inge Løvik, dagleg leiar i Romsdalsaksen.

Men samferdselsministeren var klar. Han trudde ikkje på dei lave kostnadene.

– Med mindre det kjem noko revolusjonerande nytt, vil det ikkje bli gjort eit nytt vedtak, sa han og la til:

– Vi trur at den største lokale og regionale effekten kjem ved Møreaksen og Hafast.

Løvik arbeidsgruppa for følgde opp fleire gonger, mellom anna med å poengtere at at vedlikehald av undersjøiske tunnelar er langt dyrare enn vedlikehald av bru.

– Ja, men undersjøisk tunnel er ofte billegare, nokre gonger langt billegare å bygge, svarte Solvik-Olsen.