Dette var bodskapen til Høgre og Torgeir Dahl, Arbeidarpartiet, og KrF her i fylket.

Dei store samferdselsprosjekta her i landet, har erfaringsvis fått ein kostnadsauke på ca. 40 prosent frå planlegging til bygging. Dette har vi smerteleg fått erfart også i det fylkeskommunale prosjektet Nordøyvegen.

Og det absolutt dummaste eg har høyrt på lenge, var ein påstand eg såg no i dag, om at alle andre alternativ ikring Møreaksen ville ta 20 år før realisering.

Slike greinalause påstandar viser at ein tydelegvis sluttar å tenkje klart i sin iver for å stoppe utgreiing av flytebru over Romsdalsfjorden.

Møreaksen vil etter mange sin meining få eit kostnadsnivå på mellom 40–50 milliard kroner ved byggetid om sju til ti år. Dette er ikkje «tenk på eit tal», men har bakgrunn i rapporten frå Oslo Economics som viser til kostnadsutvikling i slike prosjekt her i landet.

Haldninga til fleirtalet i fylkesutvalet viser at kostnadsreduserande tiltak som vurdering av langt billigare teknologi som flytebru, er totalt uinteressant for dei.

Trekker ein parallellen til Nordøyvegen, må fleirtalet i fylkesutvalet, med Torgeir Dahl i spissen, openbart vere klar for å bygge Nordøyvegen, koste kva det koste vil – for kostnadar betyr tydelegvis ikkje noko som helst for denne gjengen!

Det er openbart dei undersjøiske tunnelane som er hovudsak i kostnadsdrivinga for både Møreaksen og Nordøyvegen.

Renovering av Fannefjordtunellen sitt nivå, auka med over 100 millionar kroner på eit år for Godøytunellen, på grunn av strengare brannkrav og EU-krav. Dette vil også sjølvsagt skje i kostnadsutviklinga for Møreaksen.

For så vidt er dette ein dårleg trussel, for framleis er ferje openbart eit alternativ.

Det nye fylkestinget i 2019 kjem til å ta stilling til flytebru eller ikkje, og det same trur eg Stortinget kjem til å gjere for å forsøke å få kostnadsnivået ned betrakteleg.