Det handla om premieren på "Oppdrag alfabet!", som er eit nytt program for fem- og seksåringar i barnehagen, utvikla på oppdrag frå Nynorsk kultursentrum. På scena står Karoline Isaksen med dokka Lurivar - også kjent som tunkatt på Ivar Aasen-tunet. Premieren vart lagt til Barnas Vel barnehage der også fem- og seksåringar frå Krokedalen barnehage var invitert.

Ørsta Mållag har hatt ein finger med i spelt. På vegne av mållaget skrytte Ingebjørg Røyrhus Øyehaug av ungane i barnehagen fordi dei hadde teikna så mange flotte teikningar i høve språkåret i fjor. Ørsta kommune var flinke dei og – og vart årets sråkkommune i språkåret 2013. Varaordførar Paul Kristian Hovden fortalde at førestillinga var ei gåve frå kommunen til barnehagane i kommunen.

Borna fekk vere med på ei engasjerande jakt på ein bokstavtjuv, og dei fekk og møte ein språkspion – for det var jo det Ivar Aasen eigentleg var, fekk vi vite.

Førestillinga skal visast for alle fem- og seksåringar i Ørsta kommune. Men også ungar i andre kommunar skal få tilbodet, sidan dette er ein del av Den kulturelle skulesekken.

Karoline Isaksen og Lurivar på premieren av "Oppdrag alfabet" i Barnas Vel barnehage i Ørsta. Foto: Svein Aam